Haugesund Fertilitetssenter har arbeidd med assistert befruktning sidan 1985. Vi kan vise til svært gode resultat. Hos oss blir personleg og trygg behandling vektlagd. Vi er eit profesjonelt team med lang erfaring og har eit stort engasjement i vårt arbeid.
Haugesund Fertilitetsenter er ISO-sertifisert av Det Norske Veritas. Eit ISO-sertifikat viser at vårt kvalitetsstyringssystem er sertifisert etter standarden for god kvalitetsstyring og er i tråd med den.
Retningsliner for behandling
Haugesund Fertilitetssenter tilbyr alle former for assistert befruktning som er lovleg i Noreg. Assistert befruktning er regulert gjennom Bioteknologilova.
For å få time hos oss må ein ha tilvisning frå gynekolog. Når søknad er godkjend blir ein satt på venteliste.
Rettleiande øvre aldersgrense for kvinna er 38 år ved første tilvisning. Etter medisinsk vurdering kan vi i nokre tilfelle avvike frå denne regelen. Barnlause og par som har ett barn vil bli prioritert.
Når vi har kapasitet kan vi tilby behandling til par som faller utanfor tilbodet om behandling med redusert eigenandel ved offentlege sjukehus. Dette gjeld til dømes par som har hatt tre forsøk utan å ha oppnådd graviditet, par som ønskjer fleire barn, eller par der kvinna er over 39 år. Desse behandlingane blir betalt etter satsar for forsøk med full eigenbetaling, sjå under kostnadar.
Behandlinga er regulert gjennom Lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi, Bioteknologiloven. Den seier blant anna:
«Assistert befruktning kan berre utførast på kvinne som er gift eller som er sambuar med ein mann eller kvinne i ekteskapslignande forhold». Begge partar må undertekne på at dei ønskjer behandling.
Vidare må paret vere medisinsk og psykososialt egna.
Ventetid
Ventetida vår er per 01.07.2010 om lag fire månader.
Publisert
23.08.2010 13:10 |
Endret
31.08.2010 12:20