IVF-behandling
Vi har anledning til å tilby inntil tre IVF-forsøk med tilbakesetting av embryo med dekning frå det offentlege.
Folketrygda dekker medisinutgifter ut over kroner 15 000 for desse 3 forsøka.
Eigendelen per IVF-forsøk er kroner 1500 ved tilbakesetting av embryo, inklusiv eventuell frysing av embryo.
For IVFD – (IVF med donorsæd) blir paret belasta med kroner 1000 i tillegg.
Søskenforsøk
Paret kan få tilbod om søskenforsøk, og reglane for dekning frå det offentlege er dei same som ved første behandlingsrunde.
Forsøk med full eigenbetaling
Prisen er kr. 18 000 for IVF og kroner 20 050 for ICSI. Forsøk som blir avbrudt etter egguthenting kostar kroner 5660 for IVF og kroner 6685 for ICSI.
Dersom embryo blir frosen ned i desse forsøka, betalar pasienten kroner 3000 ved tilbakeføring av tinte embryo.
Vedrørande utgifter til medikamenter
Den norske refusjonsordninga er slik at eigendelen på inntil 15 000 kroner gjeld per barn. Paret kan sjølv velge behandling ved offentleg eller privat klinikk i Noreg eller i utlandet med den føresetnad at medisinen blir kjøpt i Noreg.
Det vil i praksis bety at par som tidligare har fått barn etter assistert befruktning har rett til å få dekning av medisinutgifter ut over kroner 15 000 for å få neste barn.
Dei som ikkje fell inn under ordninga om delvis refusjon av medisinutgifter, må rekne med å betale alle utgifter til medisin sjølve. Desse utgiftene kan variere mykje frå par til par og er avhengig av alder, infertilitetsårsak, val av medikament og val av metode brukt til hormonstimuleringen.
AIH og AID
Eigendel for AIH – inseminasjon med partnar sine spermier er kroner 1500.
Eigendel for AID – inseminasjon med donorsæd er kroner 3560.
I tillegg kjem vanleg eigendel ved evt. førebuande konsultasjonar.
Medisinutgifter får ein dekka etter same regler som ved IVF-behandling. Dersom pasienten går vidare til IVF-behandling blir desse utgiftene medrekna.
Andre konsultasjonar
Eigendel p.t. kroner 307.
Vi tar atterhald om prisendring.
Publisert
26.08.2010 10:46 |
Endret
30.11.2011 10:27