Designelement
 

Utgreiing og undersøkingar 

 
Vi nyttar oss av følgjande metodar for undersøking i samband med behandlingane våre:
 
Påvising av eggløysing

Det er svært viktig med nøyaktige forundersøkingar av par før oppstart av behandlingar som IVF-prøverørsbehandling, ICSI-prøverørsbehandling med mikroinjeksjon eller enkel hormonstimulering.

Dette for å optimalisere alle faktorar som er med på å påverke behandlinga og dermed auke sjansen for eit positivt resultat.

Normal hormonell status er ofte avgjerande for at eggkvaliteten skal bli bra ved hormonstimulering.

Regelmessig menstruasjon

28 dagars syklus +/- 2 dagar gir stor sjanse for regelmessig eggløysing, og dette er då samsvarande med normal hormonell status. Blodprøvar er då utan betydning.

Uregelmessig menstruasjon

Korte menstruasjonssykler: 25-26 dagar eller mindre.
Lange menstruasjonssykler: 32 dagar eller meir.

Uregelmessig menstruasjon krev auka merksemd.

Vi ber deg derfor om å merke 1. blødningsdag i dei 4-6 påfølgjande menstruasjonar.

I tillegg ber vi deg om å merke eggløysing i 2 av desse syklane. Ein bruker då Clear Blue. Dette er ein eggløysingstest som ein kan få kjøpt på apoteket. Du måler frå og med syklusdag 12 (=12. blødningsdag) (morgonurin) og dei 5 påfølgjande dagane. Når det blir blått omslag har du eggløysing. Merk og dette av på kalenderen.

THL (Transvaginal hydrolaparoskopi)

Dette er ei undersøking der vi ser om eggleiarane er opne, og om det er andre tilstander som kan vere årsak til barnløysa. Den blir gjort på vår avdeling i lokalbedøving og pasienten er våken under heile undersøkinga. Tilvising/henvisning frå gynekolog er naudsynt.

Pasienten får nokre smertestillande tablettar i forkant av undersøkinga, men kan kjøre bil etterpå. Hu må ikkje ha menstruasjon.

Sjølve undersøkinga tar ca. 20 min og resultatet føreligg med ein gong. Pasienten kan om ønskjeleg reise heim like etterpå. Vi anbefaler at ein ikkje skal ha samleie eller karbad, bading i basseng/sjø i ca 1 veke etter undersøkinga. Dette på grunn av risikoen for betennelse.

Pasienten får ei rekning på 75 kr som ein kan betale same dag eller med giro.


Hysteroskopi

Dette er ei undersøking/behandling av livmorhula for å fjerne polypper, små muskelknutar eller andre høve i livmorslimhinnen som kan vere medverkande årsak til barnløysa.

Denne undersøkinga kan vi nå tilby på vår avdeling og tilvising/henvisning frå gynekolog er naudsynt.

Sjølve undersøkinga er gjort unna på ca. 10 minutt og krev inga form for medisinering. Kvinna kan dermed kjøyre bil sjølv.

Spermaundersøking

Spermaundersøking blir gjort etter tilvising/henvisning frå lege.

Dette er ein viktig del av utreiinga i forkant av behandlinga, og vil kunne gi svar på kva behandling som er aktuell.

Prøva tas ved ejakulasjon. For vurderinga anbefalar vi at det har gått frå 2 - 5 dagar sidan siste sæduttømming. Prøva kan takast heime om du kan nå sjukehuset innan 1 time etter at prøva er teken. Ellers kan ein ta prøva på avdelinga sitt prøvetakingsrom.

Sædprøva blir først og fremst undersøkt på antal, bevegelegheit (motilitet) og utsjånad (morfologi) av sædcellene. Sædprøva kan variere ein del frå prøve til prøve. Ny prøve vil derfor nokre ganger vere naudsynt. Feber kan redusere spermakvaliteten i inntil 3 månader.

Normalverdiar

Volum: 2 milliliter
Antall: 20 millioner pr milliliter
Motilitet: 50 % av sædcellene skal vere bevegelege og minst 30% skal ha hurtig, fremadretta bevegelse.

Definisjonar

Aspermi: Ingen spermier blir utvikla i testiklane
Azoospermi: Ingen spermier i sædprøva
Oligozoospermi: Mindre enn 40 mill. totalt
Asthenozoospermi: Mindre enn 50% bevegelege, eller mindre enn 25% med god bevegelse.
Teratozoospermi: Mange unormale spermier i preparatet.

Testisbiopsi

Vi kan nå tilby menn som ikkje har fått påvist levande spermier ved ordinær spermaundersøking ei utvida prøve.

Vi tar 1-2 vevsprøvar frå kvar testikkel og bitestikkel for å undersøke om det er levande spermier. Svar føreligg ganske raskt.

I samband med undersøkinga vil pasienten få lokalbedøving og kan kjøyre bil etterpå.

Denne undersøkinga er berre kartlegging om det er mogleg å planleggje ICSI behandling for paret. Om paret blir satt opp til behandling må denne prøven takast på ny i samband med egguthenting.

Pasienten får ei rekning på 270 kr som kan betalast same dag eller per giro.

Rutinemessige blodprøvar som blir tatt før behandling ved Fertilitetsseksjonen
  • Hepatitt (leverbetenning) av begge
  • Rubella (raude hundar) av kvinna
  • Kromosomanalyse av mannen hos par som skal til mikroinjeksjonsbehandling (ICSI)
Nysamtale - Første konsultasjon på Fertilitetsseksjonen før oppstart behandling:
  • Samtale/journalopptak med lege.
  • Vaginal ultralydundersøkelse av kvinna.
  • Spermaundersøking av mannen
  • Informasjonsmøte med sjukepleier (felles med 3-4 par)
    - om behandling
    - medikament
    - informasjon om sprøytesetting
IVF-behandling og svangerskap i høve til overvekt

Vi får tilvist mange pasientar til IVF-behandling som er overvektige. For svært mange vil ei normalisering av vekta gjere at dei blir gravid på eige hand. Overvekt gjer ofte hormonforstyrringar som medfører manglande eggløysing. Fleire studier har vist at om ein går ned ca. 10% vil hormonane normaliserast så mykje at eggløysinga kjem i gang.

Studier syner desverre og at det er dårlegare resultat ved assistert befrukting hos overvektige pasientar. Vidare er det auka tal spontanabortar og større fare for komplikasjoner under svangerskap og fødsel.

Det er derfor av avgjerande betydning for eit vellykka resultat at ein går ned i vekt. Etter vår erfaring kan det vere best å delta i eit organisert slankeopplegg som til dømes Grethe Roede eller Libra (evt. Fedon-diett.)

Nokre tips for den som vil gå ned i vekt

  • Regelmessige måltid ( minimum 4 måltid pr. dag )
  • Et variert og grovt, med mykje grønsaker både til og mellom måltida.
  • Drikk 1-2 glass vatn før maten
  • Et roleg og tygg maten godt.
  • Reduser sukker, fett og alkohol.
  • Mosjoner regelmessig.
  • Gå ikkje drastisk til verks. 0,5 kg vekttap pr. veke er meir enn nok. Veg deg av og til (1 gang pr. veke eller sjeldnare.)
  • Unn deg ein ”utskeielse” av og til.
Anbefalingar om folsyre (folinsyre) før og under graviditet

Risikoen for å få eit barn med nevralrøyrsdefekt (til dømes ryggmargsbrokk) er liten (under 1 per 1000). Nyare forsking har vist at tilstrekkeleg inntak av B-vitaminet folat reduserer risikoen for slik misdanning. Utviklinga av slike misdanningar skjer heilt i starten av svangerskapet.

Folatinnhaldet i kosten kan aukast ved å ete meir av matvarer som inneheld folat, så som brokkoli, spinat og andre dypgrønne grønsaker, tørre bøner og appelsiner og appelsinjuice. Grovt brød og andre grove kornvarer er òg viktige folatkilder. I tillegg anbefaler ein no frå Statens helsetilsyn at kvinner som planlegg graviditet skal ta eit tilskot i form av ein tablett med 0,4 mg folsyre dagleg frå svangerskapet blir planlagt til 2-3 månader ut i svangerskapet.

I samband med behandling for infertilitet anbefaler vi derfor at du tar ein tablett AFI-folsyre 0,4 mg frå det tidspunktet du startar med Synarela. Etter dette fortset du til du er 3 månader gravid. Om du ikkje oppnår graviditet kan behandlinga avsluttast i samband med negativ test.

Dette er spesielt viktig for kvinner som tidlegare har født barn med slike nevralrørsdefekter eller der det finns i nær familie. Dette gjeld og om du nyttar spesielle medisiner, til dømes for epilepsi.

Tablettane kan ein kjøpe på apotek utan resept.


Publisert 31.08.2010 11:56 | Endret 30.11.2011 10:27 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest