Designelement
 

Føde/barsel/gynekologi Stord 


Stord sjukehus dekkjer kommunane Stord, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes, Fitjar og Austevoll. I Noreg har du fritt sjukehusval. Det vil seie at ein kan velgje kor ein vil føde eller få behandling.

Avdelinga er ei kombinert føde, barsel og gynekologisk avdeling med oppfølging under svangerskapet. Vi har òg følgjande poliklinikkar: Obstetrisk, gynekologisk og pediatrisk poliklinikk.

Kvart år tar fødeavdelinga på Stord i mot 500-600 barn.



Kontakt oss
Telefon 53 49 10 70 - Fødeavdeling
Telefon 53 49 10 68 - Gynekologisk avdeling
53 49 10 64 - Gynekologisk poliklinikk
post@helse-fonna.no


 Nyttig informasjon

Innleggingstelefon
Er fødselen i gang, kan du ringe oss for å fortelle at du kjem:
53 49 10 70 eller 53 49 10 71.

Etter kl 21.00, må de ringe på klokka for å få kontakt med oss. Ved hovudinngangen vil det vere personale i akuttmottak som opnar for dykk.

Besøk
Visittid: 16.30-17.30
Pappavisitt: 18.00-20.00

Av omsyn til mor og barn tillet vi fire besøkande om gongen.

Kviletid: 13.00-15.00.
Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida. 
 
Mobiltelefon
Mobiltelefon kan nyttast på avdelinga.

Inngang
De kan nytte hovudinngangen, men vi har òg eigen inngang på baksida av sjukehuset. Følg vegen inn til venstre før du kjem opp til hovudinngangen. Vegen er skilta.



Publisert 24.08.2010 10:15 | Endret 10.02.2012 12:35 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest