Habilitering har tilbod til pasientar med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming og som har trong for tenester frå spesialisthelsetenesta.
Tilbodet er organisert i to team; eitt for barnehabilitering og eitt for vaksenhabilitering.
Våre oppgåver
Sentrale oppgåver er utgreiing, diagnostisering, behandling, opplæring til pasient og pårørande samt rettleiing til personale.
Vårt tilbod skal vere eit supplement og ei støtte for statlege og kommunale helse- og sosialtenester og samarbeidspartnarar innan skule og NAV.
Vi driv både ambulant og poliklinisk verksemd og samarbeider med brukarorganisasjonar om ulike lærings- og meistringsprogram for pasientane. Vi driv utstrakt kurs og undervisningsverksemd, som du kan lese meir om i våre katalogar.