Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for dei tilsette er ein del av HR sitt ansvarsområde, og rådgjevarane i HMS-tenesta arbeider for å førebygge arbeidsrelaterte helseskadar.
Oppgåver
For å nå HMS-mål sett i Helse Fonna deltek eininga med å utforme rutinar og regelverk på ulike felt, og gi informasjon og undervisning til tilsette og leiarar. Det blir òg gitt hjelp til avdelingar i samband med ulike arbeidsmiljøkartleggingar og oppfølging av desse.
Vidare er HMS-tenesta involvert i helserelatert oppfølging og undersøking av einskildpersonar, som til dømes oppfølging av sjukemelde eller tilsette med rusproblem, og tilsette som er utsett for smittsame sjukdomar i arbeidet sitt.
Publisert
24.08.2010 10:30 |
Endret
17.10.2011 14:32