5 Midtblokk Haugesund (5M)
Seksjon for lungesjukdommar, gastro-/lab, nyre/dialyse, generell medisin, 5M er delt opp i 4 team; det er 8 senger på kvart team - dvs. 32 senger.
90% av innleggingane er akutthjelp. Det er derfor store svingningar i talet på inneliggande pasientar.
Nefro team
Fokus på nyrepasientar/nyresviktpasientar.Om mogeleg, blir det lagt vekt på å gje pasienten val m.o.t. behandlingsform; pasienten har då valet mellom HD (hemodialyse) og PD (peritonealdialyse).
Lungeteam
Lunge 1
Mange dårlege pasientar med lungesvikt pga. KOLS (kronisk obstruktiv lungesykdom).
Lunge 2
Har ein profil med lungecancer både i utgreiingsfase og teminalfase.
Gastroteam
Har fokus på smittepasientar og utgreiingar for diare og anemi.
Dialyse
HD er hovudfokusområdet pr. i dag, men det er eit aukende antal pasientar som startar i PD; på landsbasis mellom 20 og 30% av dialysepasientane. På Haugesund sjukehus utgjer denne gruppa 30% i 2004.
Helse Fonna har tilbod om gjestedialyse. Vi kan på førespurnad tilby gjestedialyse om kapasiteten tillet det. Gjestepasientar kan komme frå inn- og utland ettersom dialysebehandling er eit internasjonalt samarbeid. Ta kontakt for meir informasjon eller for å gjere ein avtale: 52 73 25 70 eller 52 73 20 00.
Gastrolab
Hovudfokusområda er endoskopi, gastroskopi, coloskopi, ERCP og bronkoskopi. Manometri, analmanometri og ph-måling i oesophagus. I tillegg kjem gastroentorologisk poliklinikk, bl.a. remikadebehandling (morbus crohn pas.), intravenøs jernbehandling og behandling av hepatitt C pasientar.
Sjukepleiarane gjer og lactosebelastningstester og urea pusteprøve.
Verksemda omfattar både barnelegar og kirurgar samt indremedisiner som står for største del av produksjonen.
5. Vestblokk Haugesund (5V)
5 V har 20 sengeplassar fordelt på tre sjukdomsgrupper.
10 senger er i bruk for pasientar med ulike blodsjukdommar, blant anna leukemi og blodpropp i leggen, 10 sengeplassar er avsett til pasientar med ymse hormonsjukdomar, som til dømes diabetes mellitus, og infeksjonar, eksempelvis lungebetennelse.
På eininga arbeider det både legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, kjøkenassistentar og sekretærar.
Onkologisk dageining, som gjer kreftpasientar ulike former for behandling utan sjukehusinnlegging, er og administrativt underlagt 5 V. Denne dageininga ligg i 2. etasje på sjukehuset i Haugesund.
Publisert
24.08.2010 10:45 |
Endret
05.05.2011 10:33