Designelement
 

LMS Odda 

Eit lærings– og meistringssenter er ein stad der pasientar, pårørande og helsepersonell møtes for å utveksle erfaringar og kunnskap om utfordringar og moglegheiter for  meistring knytt til kronisk sjukdom og funksjonshemming.  Tilbodet frå LMS er utvikla i nært samarbeid med brukarorganisasjonane.

Hovudfunksjon

  • Læringstilbod til kronisk sjuke
  • Samarbeidsverkstad/møtestad
  • Helsepedagogikk / tverrfagleg samarbeid   
  • Informasjonssenter     

Føremål
Brukarar som har kronisk sjukdom, funksjonshemming og deira familie og vener, skal kunne tileigna seg kunnskapar om å leve med den endra livs situasjonen, og å meistre kvardagen.

LMS – Odda sjukehus har

Rådgjevingsgruppe som er samansatt av representantar frå kommunehelsetenesta i samarbeidskommunane, brukarrepresentantar frå brukarorganisasjonar, fagpersonar frå sjukehuset og LMS psykiatri. Møtes to gonger i året.

Mandatet
Fylgje opp målsetjinga til LMS og sjå at den vert ivaretatt.
Gje råd og bidra med forslag til kurs og aktivitetar ved LMS.
Informere om aktuelle tilbod til sitt nettverk.
Gje tilbakemeldingar etter tilbod som er gjennomførte frå brukara og fagpersonar.

Arbeidsgruppe som er samansatt av fagpersonar frå sjukehuset som deltar i dei ulike kurstilboda ved LMS. Møtes for planlegging fire gonger årleg

Kontinuerlige kurs tilbod

  • Lungerehabilitering: For deg med Kols/lungesjukdom - 10 samlingar på 5 timar kvar*
  • Hjerterehabilitering: For deg med hjartesjukdom - 2 samlingar på 5 timar kvar*
  • Startkurs diabetes: For deg med diabetes - 2 samlingar på 5 timar kvar*
  • Å Leva eit friskare liv: På tvers av diagnosar - 6 samlingar på 3 timar kvar
  • Osteoporose: For deg med osteoporose - 4 samlingar på 3 timar kvar *
  • Røykslutt kurs: For deg som vil slutta å røykje - 6 samlingar på 2 timar kvar
  • Livsstilendringskurs: For dei med livsstilsjukdomar/overvekt - 4 samlingar + to treningar i veka over 10 veker*
  • Bra Mat for betre helse: For deg som ynskjer å endre kostvaner - 5 samlingar på 1,5 timar kvar 

* krev legetilvising

Kurs arrangert ved Odda LMS i regi av LMS Psykiatri

  • Pårørande til dei med ADHD diagnose
  • Kurs for pårørande til demente
  • Meistringskurs for kvinner med lettare angst
  • Gruppetilbod for pårørande til dei med rus/psykiatri problematikk

Andre kurs

  • Å leve med kreftsjukdom
  • Pårørande til alvorleg og kronisk sjuke

Temadagar, -kveldar

  • Matvareallegi/astma
  • Hjerneslag
  • Stoffskiftesjukdom
  • Osteoporose
  • Fatigue
  • Lymfødem

Undervisning til helsearbeidarar

  • Bruka av oksygen / forstøvarapparat
  • Lungesjukdommar
  • Ernæring
  • Hjerneslag

 Kurstilbod LMS Odda

 Kontaktinformasjon


Jorunn Sekse
Funksjonsleiar LMS Odda
Telefon: 53 65 11 37 eller
53 65 12 28

Randi Aga
Ergoterapeut LMS Odda

 Les meir


Seksjon rehabilitering, habilitering, læring- og meistring i Helse Fonna har fleire tilbod.

Læring og meistring

Habilitering

Rehabilitering

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest