Designelement
 

Medisinsk gastroenterologi 


Gastroseksjonen i Helse-Fonna er plassert i Medisinsk Klinikk og har verksemd på Stord og i Haugesund.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


For pasientar og pårørande ved gastropol Haugesund
I Haugesund er den gastroenterologiske verksemda lagt til Gastropol i 1. etasje vis-a-vis Kirurgisk poliklinikk. Gå forbi hovudheisen så finn du Gastropol/Gastrolab på høgre hand.

Behandling og undersøking
Vi gjer undersøkingar av magesekk (gastroskopi), av tykktarm (koloskopi), av galleganger (ERCP), av tynntarm (videokapselendoskopi) og undersøking av luftvegane (bronkoskopi). Det siste blir utført av lungelegar.

Gastroskopi
Undersøking av spiserør, magesekk og tolvfingertarm. Ein kan her påvise ulike tilstander i desse organa, som spiserørbetennelse, mellomgolvsbrokk, sår i tolvfingertarm eller magesekk, kreft i spiserøyr og magesekk, cøliaki (glutenintorleranse). Det er mogleg å ta vevsprøver under undersøkinga under forutsetning av at pasienten ikkje brukar Marevan (blodfortynnande medisin).

Pasienten skal svelge ei slange omtrent så tjukk som ein lillefinger (ca. 10mm i diameter). Før undersøkinga skal ein faste minst 6 timar, dvs. ikkje ete, drikke eller røyke. Dette for at magesekken må vere heilt tom før undersøkinga, dels får å få optimalt innsyn i spiserøyr, magesekk og tolvfingertarm, dels for å unngå å få mat og væske ned i luftvegane (aspirasjon) om ein brekker seg. Ved røyking aukar syreproduksjonen i magesekken, dette aukar faren for aspirasjon.

Sjølve undersøkinga tek relativt kort tid å utføre i dei fleste tilfelle 5-10 minutt. I blant tar ein små vevsprøver under undersøkinga. Desse blir sendte til mikroskopisk undersøking, svaret får ein i løpet av 1-2 uker. Dette svaret blir sendt vidare til den legen som har tilvist pasienten til gastroskopi.

I innkallingsbrevet til undersøkinga står råd om medisinar, til dømes kva medisinar du skal vente med før undersøkinga.

Coloskopi
Undersøking av endetarm, tykktarm og i beste fall nedre del av tynntarmen (ca 5-10 cm). Før undersøkinga er det viktig at tarmen er tilstrekkeleg rein. Difor må ein slutte med jernmedisin 1 veke før undersøkinga, samt gjere eit så kalla tømmingsregime som står omtalt i innkallinga.

Vi brukar Toilaxtabletter og Laxabon som tømmingsregime. I tillegg rikelig med klare væsker. Denne tømminga blir utført dagen før undersøkinga. Ein får ikkje spise eller drikke anna enn klare væsker dagen før undersøkinga. Denne dagen må ein rekne med å vere heime frå jobb.

Før undersøkinga startar får pasienten ta på ein spesialbukse med opning bak. Sykepleien vil og sette ein tynn plastkateter (Veneflon) inn i ei blodåre. Ein har då moglegheit til å gje medisinar om ein treng det.

Sjølve undersøkinga tek litt varierande lang tid avhengig av korleis tarmen svinger, kor lang tarmen er og om ein tidlegare hawr hatt ein operasjon. Dette kan nokre gonger gjere undersøkinga vanskelegare.

I blant er undersøkinga smertefull. Ein kan få berolegande/smertestillande medisin før eller under undersøkinga. Då får ein ikkje kjøyre bil resten av den dagen.

Det er mogleg å ta vevsprøver under undersøkinga om pasienten ikkje brukar Marevan (blodfortynnande medisin). Polypper, som ca. 20% av befolkninga har, treng og i blant å fjernast. Vevsprøver/polyppar blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret får vi i løpet av 1-2 veker. Dette svaret sendast vidare til den legen som har tilvist pasienten til coloskopi.

ERCP (undersøking av galleganger)
Blir utført av gastrokirurgane på Radiologisk avdeling. Planlagde undersøkingar skjer på fredagar. Pasienten blir lagt inn på kirurgisk avdeling og ligg til observasjon etter undersøkinga. Blir utført ved mistanke om sjukdom i galle- eller bukspyttkjertelganger. T.d. stein i gallegang som då kan fjernast med denne metoden. Det finns og moglegheit for å opne opp gallegangsopningen om denne er trang, for å gjere det enklare for steinar å passere.

Undersøking av spiserør
En del personar er plaga med halsbrann, sure oppstøyt, irriterande hoste, hesheit, krampelignande smerter bak brystbeinet eller svelgeproblem. I dei fleste tilfelle utfører ein gastroskopi for påvising av spesifikke endringar i spiserøyret. Om undersøkinga er normal kan ein gå vidare med måling av trykk og/eller syreregistrering i spiserøyret med spesielle tynne sonder. Ein må vere fastande frå kl. 24 for båe desse undersøkingane.

Trykkmåling (manometri)
Blir utført på gastrolab på tirsdagar. Undersøkinga tek drøyt ein halv time. Ein kan då sjå om muskelkraften i spiserøyret er normal, og om musklane beveg seg normalt.

PH-måling (måling av surhetsgraden i nedre del av spiserøret).
Ei tynn sonde blir plassert gjennom nasen til nedre del av spiserøyret. Sonda blir kopla til ein boks som registrerer måleverdiar kontinuerleg i 24 timer. Pasienten skal registrere symptom, måltid, tider i liggande stilling under registreringsperioden. Ein skal slutte med alle syrehemmande medisinar 7 dager før.

Det er diverre lang ventetid på desse undersøkingane. Kun prioritering om rett til helsehjelp i samband med preoperativ utgreiing av refluks (sjukeleg oppstøt av syre i spiserør)

Anal manometri (måling av muskelfunksjonen i endetarmen)
Ved ein del sykdomstilstander, og etter fødsel kan muskelfunksjonen i lukkemuskelen forandres. Vi utfører måling av muskelfunksjonen hos både vaksne (medisinleger) og barn (barneleger). Nokre gonger finns og moglegheit å behandle samstundes.

Pusteprøver
Forskjellige pusteprøver gjerast.

C13 urea pusteprøve for påvising av ”magesårsbakterien” (helicobacter pylori), enten etter behandling av sår eller betenning i magesekk/tolvfingertarm, i blant ved andre indikasjonar. Pasienten får ikkje bruke syrehemmande medisin 10 dager før. Antibiotika kan forstyrre undersøkinga og skal ikkje vere brukt på 4 uker. (sjå innkallingsbrevet for detaljer). På gastrolab skal ein puste i ein behaldar, og etterpå drikke ein syrleg væske. Ein skal så puste i ein behaldar etter 30 minutt. Prøva blir sendt til Oslo for analyse. Svaret sendast så til legen som tilviste pasienten til undersøkinga.

Øvrige pusteprøver (lactose, lactulose)
Blir foreløpig berre utført på barnepol. Tilvisingane for voksne skal derimot sendast til gastropol. Undersøkingane tek opp til 4 timar. Pasienten skal fyrst puste i eit spesielt rør og så drikke ei sukkeroppløysing. Så blir endringa av ein spesiell gass registrert i utåndingsluften ved at pasienten får puste i eit røyr med regelmessige mellomrom på 2-4 timar.
 
For helsepersonell og primærhelsetjenesten

Medisinsk Gastroseksjon i Haugesund
Ansvarleg for drifta ved gastropol i Haugesund og medisinsk fagansvarlig for gastroenterologi i Helse-Fonna er Seksjonsoverlege Ingrid Blomgren. Gastroseksjonen består av Gastropol og gastrolab som ligg i 1. etg. vis-a-vis kirurgisk poliklinikk. På seksjonen jobber 2 overlegar, 4 sjukepleiarar og 3 sekretærer. 

Den gastroenterologiske verksemda blir drive av medisinske gastroenterologar (spesialistar i fordøyingsjukdommar) og assistentlegar.

Verksemda på Gastropol
Vi på gastropol utførar gastroskopi, coloskopi, ERCP, pusteprøver (helicobacter, lactose, lactulose), pH-målinger i øsofagus, anal- og øsofagus-manometri, og poliklinisk konsultasjon (medisinsk gastroenterologi). I tillegg utførast bronkoskopier (lungeleger)

Informasjon om forbereidaingar til undersøkingar og litt om korleis dei blir utført kan ein lese om under pasient/pårørendesida.

Vi utfører både diagnostiske og terapeutiske endoskopiar. Mellom anna gjer ein stenting av øsofagus ved øsofaguskreft, strikk- og injeksjonsbehandling av øsofgusvaricer, injeksjonsbehandling, argongasskoagulasjon og clipsbehandling av blødande ulcus i ventrikkel og duodenum. Vi har òg moglegheit til å behandle strikturer i øsofagus og tykktarm/endetarm med ballongdilatasjon.

Ein del karanomalier som ”watermelon stomach”, stråleproctitt og angiodysplasier som gir blødingar/ blødingsanemiar kan behandlast på en bra måte med argongass.

Ved colonkreft er det i blant aktuelt med stent i tykktarm, enten preoperativt eller palliativt. Dette blir utført av gastrokirurgar her på gastrolab.

Kapselendoskopi
Kapselendoskopi er undersøking av tynntarmen, der pasienten får svelge eit lite videokamera som avfotograferer tynntarmen. Bilda blir vurdert seinare av legane på gastropol.

Fastlegane kan ikkje tilvise direkte til kapselundersøking. Indikasjon for vidare utgreiing med kapselendoskopi gjerast av spesialist i fordøyingssjukdommar. Vanlegaste indikasjonen er blødinganemi eller GI-bløding der gastro- og coloskopi ikkje har gitt forklaring på symptoma.

PEG
Pasientar med langvarige (>6-8 uker) svelgevanskar, forventa rimelig lang overleving og forventa betring i livskvalitet kan få PEG (perkutan endoskopisk gastrostomi). Det er en sonde som med hjelp av gastroskop plasseres gjennom magesekksveggen ut på buken.

Seponering av blodfortynnande medikament 4-5 dager før blir anbefalt. Inngrepet blir utført under premedisinering med midazolam. Antibiotika gis preoperativt. Pasienten blir observert i ca. 4 timar etter prosedyren på sengepost.

For pasientar som bur heime kan Seksjon for behandlingshjelpemiddel  hjelpe til med utstyr, ernæringsmidler og råd. Det finns eit spesielt skjema som skal fyllast ut ved tilvising til PEG-innlegging. 

Litt om mage-tarmpoliklinikk
Vi utgreiier pasientar med gastroenterologiske plagar. I blany er skillet til gastrokirurgi vanskeleg.

Her er nokre diagnosar og plagar som vi utgreier og kontrollerer

  • Inflammatoriske tarmlidelser
  • Ulcerøs Colitt
  • Mb Crohn
  • Mikroskopisk og Collagen colitt
  • Irritabel tarm
  • Leversykdommer untatt gallesteinssykdommer
  • Hepatitt B og C
  • Utredning av kroniske magesmerter
  • Celiaki
  • Oppfølging av levertransplanterte 

Ein del pasientar blir utgreidd og sendt tilbake til fastlegen for kontrollar. Ein del pasientar blir kontrollert jevnlig hos oss. Vi har eit ønskje om at stort sett alle pasientar med Mb Crohn blir følgde av oss. Pasientar med stabil ulcerøs colitt og ulcerøs proctitt kan følgast av fastlege.

Hepatitt C
Vi utgreier og behandler pasientar med kronisk hepatitt C. Kravet er at pasientane skal ha vore rusfrie i minimun ½ år, eller vore i LAR-behandling tilsvarande tid. Med kronisk hepatitt C meiner vi at hepatitt C PCR RNA er positiv meir enn 6 månadar etter smittetilfelle. Det skal takast 2 PCR-prøvar før behandlingsoppstart. Vi tek alltid ei PCR-prøve som ledd i utgreiinga, det er ein fordel om fastlegen tek ei prøve før pasienten tilvisas hit. Ca. 85-90% av hepatitt-C smitta har ein kronisk infeksjon.

Hepatitt B
Kronisk Hepatitt B er sjelden. Risikoen for kronisk sjukdom er større jo yngre win er ved smittetilfelle. Kronisk Hepatitt B er mykje meir smittsomt enn Hepatitt C og HIV. Sjukdomsaktiviteten kan variere, det er difor viktig å kontrollere leverprøver regelmessig. Dette kan ein gjere hos fastlege.

Kven skal tilvisast? Personar med pos Hepatitt BsAgi > 6 månederog som har vore rusfrie like lenge. Resultat av hepatitt-serologi skal leggast ved tilvisinga.

IBD-poliklinikk
Vi har starta med oppstart av IBD-pol ledd av sjukepleiar. Det er Venke og Marianne som har ansvaret for dette og har avsett tid fyrste tirsdag i månaden etter kl .12. Pasientar med nydiagnostisert sjukdom kan stille spørsmål. Våre ”gamle” pasientar på poliklinikken kan og kontakte dwsse sjukepleiarane ved forverring.

Tilvisingar
Alle tilvisingar til gastroskopi, coloskopi, pH-måling, manometri og pusteprøvar på vaksne over 18 år sender ein til gastropol. Pasientar med magetarmproblem bortsett frå galleproblematikk og akutt abdomen blir utgreidd på gastropol. Dette gjeld og pasientar med kronisk hepatitt B og C infeksjon.

Coloskopi og gastroskopi utførast og på Stord og i Odda
Utreiing og behandling av irritabel tarm skjer på Med.pol på Stord.

Rectoskopitilvisingar skal sendast til kirpol.



Publisert 24.08.2010 13:34 | Endret 24.08.2010 13:41 

 Kontaktinformasjon

Gastropoliklinikken er åpen mellom klokka 08.00-15.00.

Telefontid er 8.00-10.00 og 14.00-15.00 på telefon 52 73 22 30.

For generelle spørsmål, send e-post til gastropoliklinikk@helse-fonna.no. Hugs å ikkje oppgi noko sensitiv informasjon i e-posten.

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest