Akuttmottak, AMK, observasjonspost i Haugesund
Denne eininga er bemanna med til saman 30,5 stillingar, har sju mottaksrom av akuttpasientar og ein observasjonspost med åtte senger.
AMK, med betening av 113-sentral, legevaktssentral for sju kommunar og tryggleikalarmbetening for to kommunar er òg ein del av eininga.
Satsingsområda for denne eininga er å bli gode på handtering av traume og ulykker. I tillegg skal det leggast eit ekstra fokus på behandling av pasientar med brystsmerter ( PCI og trombolysebehandling ).
Akutt skriveteneste i Haugesund
Eininga held til i første etasje, ved akutt kirurgisk poliklinikk. Sekretærane betener luka for akutt kirurgisk poliklinikk frå klokka 19.00 - 22.00 kvardager, og skriv for OBS-posten (innkomstnotat, journalnotat og epikrise ).
Intensiv i Haugesund
Postoperative pasientar, elleve sengeplassar
Dette er pasientar som er nyopererte og skal ligge til observasjon/smertebehandling i nokre timar. Stort sett er dette elektive pasientar, med ei drift som kan planleggast. Personell i den elektive verksemda er òg i verksemd hos ØNH dagkirurgisk; ein spesialsjukepleiar åtte timar, fem dagar i veka.
Intensive pasientar, ti sengeplassar
Her ligg pasientar som treng ekstra observasjon eller behandling på grunn av fare for svikt i vitale organ, eller pasientar som har svikt i eit eller fleire organ. Dette er den del av drifta som lar seg påverke av akuttpasientar, og som dermed kan forstyrre elektiv verksemd.
Smertepoliklinikk i Haugesund
Dette er ei poliklinisk verksemd, som er avhengig av tilgang på legetenestene i klinikken. Poliklinikken samarbeider både med andre klinikkar og primærhelsetenesta.
Smertepoliklinikk har tilbod om akupunktur som eit ledd i smertebehandlinga.
Palliativt behandlingsteam
Når ein nærmar seg sluttfasen i livet grunna sjukdom, kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere, til dømes smerter, kvalme eller andenød.
Med spesialistkompetanse i symptomlindring vil det som regel vere mogleg å lindre desse i betydeleg grad. Dette kan involvere diverse smertepumper, spesielle medisinkombinasjonar, kirurgi, strålebehandling eller andre lindrande kurar.
Det er òg ofte andre spørsmål som kan vere vanskelege, som samlivs- eller familieproblem, praktiske problem når ein ønskjer å vere lengst mogleg heime eller økonomiske spørsmål.
Mange treng støtte til å handtere kjensler av sorg og tap, og andelege spørsmål eller behov vil òg ofte bli avdekka eller oppstå i denne delen av livet. Det tverfaglege palliative teamet er spesielt utdanna og trent til å dels sjå etter, finne og lindre dette.
Medisinsk Nødhjelp 113
Ved mistanke om livstruande skade eller sjukdom - ring medisinsk nødhjelp 113. Då kjem du til Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral (AMK).
Der vil spesialutdanna sjukepleiarar ta i mot og svare på telefonen, og saman med ambulansekoordinator, vil dei sende ambulanse, lege og/eller luftambulanse, avhengig av grad av alvor og omfang.
Dei viktigaste opplysningane du må gi
- Adresse - kor hendinga er?
- Telefonnummeret det blir ringt frå?
- Kva har skjedd?
AMK-sentralen
Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Fonna HF er knytta til akuttmottaket ved Haugesund sjukehus. AMK-sentralen betener 113 anrop frå alle kommunane på Haugalandet, i Sunnhordland og indre Hardanger.
AMK-sentralen er open 24 timar i døgnet og er eit knutepunkt mellom innbyggerane i området og sjukehuset, og mellom sjukehus, legar og ambulansar.
Sentralen tar imot hastemeldingar ved akutt skade og sjukdom, og koordinerer ambulansanetenester. Bemanninga er sjukepleiarar og ambulansepersonell med spesiell opplæring, og personalet vekslar mellom arbeid i AMK og akuttmottaket, og mellom AMK og ambulansetenesten i Helse Fonna-området.
Publisert
24.08.2010 13:51 |
Endret
24.08.2010 13:55