Seksjon for nevrologi held til ved Haugesund sjukehus og har ein sengepost, eit nevrofysiologisk laboratorium og ein nevrologisk poliklinikk.
Sengeposten
Posten har 14 senger, kor seks er for slagpasientar og åtte for generelle nevrologiske pasientar. Vi har fokus på tverrfagleg behandling og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, sosionom og logoped.
Poliklinikken
Her tar vi i mot nytilviste pasientar og pasientar som skal undersøkast eller følgast opp men ikkje leggjast inn på sengeposten.
Nevrofysiologisk laboratorium
Fleire ulike metodar for undersøking av pasienten blir utført ved laboratoriet:
- EEG (måling av elektriske impulser i hjernen, blir brukt i utgreiing for epilepsi)
- EMG (måling av musklane sin elektriske aktivitet)
- SEP/BEP/VEP (undersøkingar for problemer i sentralnervesystemet: hjerne og ryggmarg)
Vi har ingen eigen nevrofysiolog, men har faste avtalar med nevrofysiologar frå Helse Stavanger som kjem ein dag i veka.
Ambulant verksemd
Seksjonen driv òg ambulant verksemd. Det vil seie at ein nevrolog reiser til Odda sjukehus og Stord sjukehus for å behandle og følgje opp pasientar der, slik at pasienten sjølv slepp å reise til Haugesund.
Publisert
09.11.2010 14:04 |
Endret
09.11.2010 14:39