Designelement
 

Operasjon og anestesi 


Seksjonen driv operasjon- og anestesiverksemd i Haugesund og har og ansvar for Helse Fonna sin sterilsentral.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Personalet består av anestesisjukepleiarar, operasjonssjukepleiarar og teknikarar, og det er fem operasjonsstuer i dagleg drift. I tillegg yt eininga ein del tenester utanfor sjølve operasjonseininga.

Operasjon og anestesi har døgnkontinuerleg drift, og i tillegg til planlagde operasjonar tar vi inn pasientar som treng omgåande hjelp heile døgnet, alle dagar.

Personalet har ein unik fagkompetanse i landssamanheng, då vi har ein stabil personalsituasjon og svært mange med lang erfaring. Det blir utført inngrep innan dei fleste medisinske spesialitetar, noko som òg gir ein svært god breiddekompetanse.   

Sjukepleietenesta held høgt nivå, slik at tryggleiken er på topp og at er vel klart når du kjem som pasient.



Publisert 24.08.2010 13:58 | Endret 24.08.2010 14:00 

 Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar
Ingrid Maria Ask
Telefon: 52 73 26 04
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest