Designelement
 

Ortopedi 


Ortopedisk seksjon har ein sengepost med 27 senger til planlagde og akutte pasientar.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Ein utfører vanlege ortopediske inngrep som hofteprotese, kneprotese, spinalstenose og prolapsoperasjonar.

I tillegg til dette behandlar ein bruddskader og andre skader av dei fleste typar i ortopedisk seksjon. Pasientar med lårhalsbrot er vår vanlegaste og mest krevande pasientgruppe med om lag 200 pasientar i året - med gjennomsnittsalder på meir enn 80 år.

Protesepasientane og ryggpasientane blir innlagde etter søknad frå fastlegen og undersøking hos ortoped.

Avdelinga er praksisplass for sjukepleiarstudentar og hospitantar som kjem frå kommunen.

Vi har fast fysioterapeut knytt til posten.



Publisert 24.08.2010 14:02 | Endret 24.08.2010 14:05 

 Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar
Astrid Bendiksen
Telefon: 52 73 24 22
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest