Designelement
 

Palliativt behandlingsteam 


Når ein nærmar seg sluttfasen i livet grunna sjukdom, kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Det tverrfaglege palliative teamet er spesielt utdanna og trent til å dels sjå etter, finne og lindre dette.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Vanlege spørsmål knytta til palliativt team

Kva er palliativ behandling?
Palliativ behandling er lindrande behandling. Dette er ei, i aller høgste grad, aktiv behandling. Ordet palliasjon kjem av det latinske ordet pallium som betyr dekke eller teppe.

Kor lenge har det vore palliativ behandling i Helse Fonna?
Det har i Helse Fonna vore eit palliativt tilbod sidan 2001.

Kven er det som har behov for palliativ behandling?
Menneske som ikkje kan kurerast av sin sjukdom og som har avgrensa tid igjen å leve er brukargruppa. Dette er ofte pasientar med kreft, men òg pasientar med andre livstruande sjukdommar kan ha behov for denne behandlinga.

Nokre døme på dette er pasientar med nevrologiske sjukdommar som MS eller ALS, hjertesjukdommar som hjertesvikt, eller lungesjukdommar som KOLS.

Det er med andre ord ikkje avgrensa til spesielle sjukdommar.

Korleis gir ein palliativ behandling?
Når ein nærmar seg sluttfasen i livet på grunn av sjukdom kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Dette er til dømes smerter, kvalme eller pustevanskar.

Med spesialistkompetanse i symptomlindring vil det som regel vere mogleg å lindre desse i betydeleg grad. Dette kan involvere diverse smertepumper, spesielle medisinkombinasjonar, kirurgi, strålebehandling eller lindrande kurar med cellegift.

Det er ofte andre spørsmål som òg kan vere vanskelege, som samlivs- eller familieproblem, praktiske problem når ein ønskjer å vere lengst mogleg heime, eller økonomiske spørsmål. Mange treng støtte til å handtere følelsar av sorg og tap. Andelege og eksistensielle behov vil og ofte avdekkast eller oppstå i denne delen av livet. Slike problemstillingar ligg også til palliativt team.

Korleis arbeidar palliativt team?
Palliativt team ser til pasientane etter å ha mottatt tilvising.
 
Palliativt team ser til tilviste eller innlagde pasientar, og dei kan gjere heimebesøk, besøk på sjukeheim eller møte pasienten poliklinisk.

Kven arbeidar i palliativt team?
Teamet består av ein lege, sjukepleiar, prest, fysioterapeut og sosionom. Andre kan ved behov trekkast inn. Alle i teamet har erfaring og spesialkunnskap innan lindrande behandling.



Publisert 24.08.2010 14:07 | Endret 25.08.2010 20:06 

 Kontaktinformasjon

Anestesioverlege
Anders Bøgesvang
Telefon: 52 73 26 50

Sjukehusprest
Gro Steensnæs Håvåg
Telefon: 52 73 22 85

Klinisk sosionom
Astrid Kinn Bjørnøy
Telefon: 52 73 22 87

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest