Prestetenesta er der for dei som ønskjer det. Det er du som avgjer kva samtalen skal dreie seg om. Vi vil gjerne vere livshjelparar og medmenneske som har tid til å lytte.
Ta kontakt med personalet på avdelinga, så får presten melding. Vi har vaktteneste, og kan bli nådd heile døgnet.
Våre oppgåver på sjukehuset er mange. Vi har samtalar med sjuke for å hjelpe i deira livssituasjon, gir støtte til dei pårørande, rådgiving og undervisning til tilsette, og vi har særskild oppfølging av barnefamiliar i sorg.
Prestetenesta driv også akutt sorgarbeid og krisehjelp ved ulykker og bråe dødsfall, og vi er bindeledd til støtteapparat og institusjonar utanfor sjukehuset.
Publisert
24.08.2010 14:46 |
Endret
05.01.2012 15:05