Helseføretaket sitt ansvar er heimla i lov om spesialisthelsetenestar og omfattar: Avrusing som krev tett medisinsk oppfølging, helsefagleg utreiing og kartlegging av behandlingsbehov, spesialisert behandling, poliklinisk eller i institusjon, og institusjonar som kan ta imot rusmiddelmisbrukare med heimel i sosialtenestelova.
Fastlegar, sosialtenesta i kommunar (NAV) og spesialisthelsetenesta kan tilvise til tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Tilvisinga skal sendast til ein tilvisingsinstans.
I Helse Fonna har vi desse tilvisingsinstansane:
- Haugaland a.senter
- Karmøy DPS – ruspoliklinikken
- Haugesund sjukehus - Poliklinikk for rusbehandling/PUT
- LAR – Helse Fonna
- Folgefonn DPS
- Stord DPS
I tillegg har Haugaland DPS, rehabiliteringspoliklinikk, eit tilbod til personar med langvarig psykiatrisk liding kombinert med rusproblematikk.
Kva bør stå i tilvisinga?
For å få til ein rask og god avklaring bør ei god tilvising innehelde:
- Personopplysningar, namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer
- Familieforhold/sosial status - partnar, barn med meir
- Historisk rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av dagens situasjon
- Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
- Medisinering
- Sysselsetting /trygdestatus
- Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjoner
- Iverksette tiltak, planlagde tiltak
- Finns Individuell Plan
- Mål for iverksett/planlagd habilitering/rehabilitering
- Uteståande dommar/planlagd soning
- Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
Helse Fonna har 30 virkedagar (10 dagar for dei under 23 år) på seg til å vurdere om pasienten har rett til nødvendeg helsehjelp. Helse Fonna gir då ein frist for oppstart av behandling.
Ut frå pasienten sitt behov prøver ein å finne adekvat behandlingstilbod i Helse Fonna eller i Helse Vest. Finner ein ikkje eit tilbod her nytter ein seg av tilbod ved andre institusjonar utanfor Helse Vest som ein har avtale med.
Behandlingstilbod
I Helse Vest
Behandlingstilbod i Helse Vest finn du på nettstaden til Helse Vest.
Pasientar med rusproblematikk har rett til fritt sjukehusval. Nærmare om dette og oversikt over behandlingsinstitusjonar sjå www.frittsykehusvalg.no.
I Helse Fonna
Avrusing
Klinikk for psykisk helsevern har 2 plassar øyremerkt til avrusning. Desse er lagt til Haugesund sjukehus. Dette er eit tilbod som i hovudsak blir gitt til pasientar som er i/skal være i eit behandlingsopplegg innan TSB.
Send søknad til
Haugesund Sjukehus HF
Psykiatrisk klinikk, post 1
Karmsundsgt. 120
5528 Haugesund
Helse Fonna nytter seg òg av avrusningstilboda ved Rogaland a-senter og Bergensklinikkane (Skuteviken).
Helse Fonna har plikt til å gi akutt rusbehandling dersom pasienten har eit akutt behov for helsehjelp for sine rusproblem og der det ikkje vil vere forsvarleg å tilvise pasienten til å følgje dei ordinære prosedyrar for inntak.
Dei somatiske akuttmottaka ved sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda er peika ut til å ivareta denne funksjonen. Fastlegar/legevakt kan tilvise.
Poliklinisk behandling
Haugaland a-senter gir eit poliklinisk behandlingstilbod til pasientar over 18 år. Dei gir òg tilbod til spillavhengige. Sjå www.haugaland-asenter.no for meir informasjon. Helse Fonna og Haugaland a.senter har eit nært samarbeid og deltar i kvarandre sine vurderingsmøter.
Karmøy DPS, Ruspoliklinikken/PUT, gir eit poliklinisk tilbod til pasientar som bor på Karmøy. Hovudmålgruppa er pasientar med moderat/høg grad av psykisk liding kombinert med moderat/høg grad av rusproblematikk. Karmøy DPS har utedag i Ølen ein dag per veke.
Haugesund sjukehus, Poliklinikk for rusbehandling/PUT, gir poliklinisk rusbehandlingstilbod for pasientar i Nord- Rogaland. Hovudmålgruppa er pasientar med moderat/høg grad av psykisk liding kombinert med moderat/høg grad av rusproblematikk.
Stord DPS er i oppstart når det gjeld rusbehandling. I tillegg har Haugaland a-senter og Karmøy DPS kvar sin utedag ved DPSet.
Folgefonn DPS har eige rusteam som gir tilbod om poliklinisk behandling.
Poliklinikkane i Helse Fonna kan òg gi tilbod til pasientar med alder frå 16 år der rusproblematikk er tilvisingsgrunn. For personar under 18 år er dette i samarbeid med BUP.
LAR-behandling i Helse Fonna
Helse Fonna har spesialisthelseansvaret for LAR-behandling for pasientar busett i Nord-Rogaland.
Fastlegar og sosialtenesta i kommunane sender tilvising til LAR Helse Fonna. Adressa er:
Klinikk for psykisk helsevern, LAR Helse Fonna
Postboks 2170, 5504 Haugesund.
LAR Helse Fonna behandlar saken og tar saken opp i vurderingsinstansen for vurdering av pasientrettigheiter. Det blir då gitt rett til nødvendeg helsehjelp i form av enten LAR-behandling eller annan type helsehjelp.
Hovudkriterier for inntak i LAR er tiltaksplan utarbeida av kommunen si sosialteneste, bolig og rusfridom på andre rusmiddel. Oppstart behandling skjer når kriteriene er på plass.
Helseføretaket sitt ansvar er heimla i lov om spesialisthelsetenestar og omfattar: Avrusing som krev tett medisinsk oppfølging, helsefagleg utreiing og kartlegging av behandlingsbehov, spesialisert behandling, poliklinisk eller i institusjon, og institusjonar som kan ta imot rusmiddelmisbrukare med heimel i sosialtenestelova.
Fastlegar, sosialtenesta i kommunar (NAV) og spesialisthelsetenesta kan tilvise til tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Tilvisinga skal sendast til ein tilvisingsinstans.
I Helse Fonna har vi desse tilvisingsinstansane:
- Haugaland a.senter
- Karmøy DPS – ruspoliklinikken
- Haugesund sjukehus - Poliklinikk for rusbehandling/PUT
- LAR – Helse Fonna
- Folgefonn DPS
- Stord DPS
I tillegg har Haugaland DPS, rehabiliteringspoliklinikk, eit tilbod til personar med langvarig psykiatrisk liding kombinert med rusproblematikk.
Kva bør stå i tilvisinga?
For å få til ein rask og god avklaring bør ei god tilvising innehelde:
- Personopplysningar, namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer
- Familieforhold/sosial status - partnar, barn med meir
- Historisk rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av dagens situasjon
- Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
- Medisinering
- Sysselsetting /trygdestatus
- Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjoner
- Iverksette tiltak, planlagde tiltak
- Finns Individuell Plan
- Mål for iverksett/planlagd habilitering/rehabilitering
- Uteståande dommar/planlagd soning
- Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
Helse Fonna har 30 virkedagar (10 dagar for dei under 23 år) på seg til å vurdere om pasienten har rett til nødvendeg helsehjelp. Helse Fonna gir då ein frist for oppstart av behandling.
Ut frå pasienten sitt behov prøver ein å finne adekvat behandlingstilbod i Helse Fonna eller i Helse Vest. Finner ein ikkje eit tilbod her nytter ein seg av tilbod ved andre institusjonar utanfor Helse Vest som ein har avtale med.
Behandlingstilbod
I Helse Vest
Behandlingstilbod i Helse Vest finn du på nettstaden til Helse Vest.
Pasientar med rusproblematikk har rett til fritt sjukehusval. Nærmare om dette og oversikt over behandlingsinstitusjonar sjå www.frittsykehusvalg.no.
I Helse Fonna
Avrusing
Klinikk for psykisk helsevern har 2 plassar øyremerkt til avrusning. Desse er lagt til Haugesund sjukehus. Dette er eit tilbod som i hovudsak blir gitt til pasientar som er i/skal være i eit behandlingsopplegg innan TSB.
Send søknad til:
Haugesund Sjukehus HF, Psykiatrisk klinikk, post 1
Karmsundsgt. 120
5528 Haugesund
Helse Fonna nytter seg òg av avrusningstilboda ved Rogaland a-senter og Bergensklinikkane (Skuteviken).
Helse Fonna har plikt til å gi akutt rusbehandling dersom pasienten har eit akutt behov for helsehjelp for sine rusproblem og der det ikkje vil vere forsvarleg å tilvise pasienten til å følgje dei ordinære prosedyrar for inntak.
Dei somatiske akuttmottaka ved sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda er peika ut til å ivareta denne funksjonen. Fastlegar/legevakt kan tilvise.
Poliklinisk behandling
Haugaland a-senter gir eit poliklinisk behandlingstilbod til pasientar over 18 år. Dei gir òg tilbod til spillavhengige. Sjå www.haugaland-asenter.no for meir informasjon. Helse Fonna og Haugaland a.senter har eit nært samarbeid og deltar i kvarandre sine vurderingsmøter.
Karmøy DPS, Ruspoliklinikken/PUT, gir eit poliklinisk tilbod til pasientar som bor på Karmøy. Hovudmålgruppa er pasientar med moderat/høg grad av psykisk liding kombinert med moderat/høg grad av rusproblematikk. Karmøy DPS har utedag i Ølen ein dag per veke.
Haugesund sjukehus, Poliklinikk for rusbehandling/PUT, gir poliklinisk rusbehandlingstilbod for pasientar i Nord- Rogaland. Hovudmålgruppa er pasientar med moderat/høg grad av psykisk liding kombinert med moderat/høg grad av rusproblematikk.
Stord DPS er i oppstart når det gjeld rusbehandling. I tillegg har Haugaland a-senter og Karmøy DPS kvar sin utedag ved DPSet.
Folgefonn DPS har eige rusteam som gir tilbod om poliklinisk behandling.
Poliklinikkane i Helse Fonna kan òg gi tilbod til pasientar med alder frå 16 år der rusproblematikk er tilvisingsgrunn. For personar under 18 år er dette i samarbeid med BUP.
LAR-behandling i Helse Fonna
Helse Fonna har spesialisthelseansvaret for LAR-behandling for pasientar busett i Nord-Rogaland.
Fastlegar og sosialtenesta i kommunane sender tilvising til LAR Helse Fonna, adr: Haugesund Sjukehus HF, Klinikk for psykisk helsevern, Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund, LAR Helse Fonna behandlar saken og tar saken opp i vurderingsinstansen for vurdering av pasientrettigheiter. Det blir då gitt rett til nødvendeg helsehjelp i form av enten LAR-behandling eller annan type helsehjelp.
Hovudkriterier for inntak i LAR er alder over 25 år, tiltaksplan utarbeida av kommunen si sosialteneste, bolig og rusfridom på andre rusmiddel. Oppstart behandling skjer når kriteriene er på plass.
Valen sjukehus
Post A, spesialeining for psykiatri og rus
Brukarar av Post A er menneske med alvorlege psykiske lidingar som samstunde har ein omfattande rusbruk. Tilvising blir gitt av fastlege til nærmaste DPS eller direkte til post A, adr: Valen Sjukehus v/overlege, 5451 Valen. Telefon 53 46 64 00
Andre tilbod i klinikk for psykisk helsevern
Dei andre DPSane gir òg tilbod (poliklinikk/døgn) til pasientar med psykiske lidingar kombinert med rusproblematikk.
AAT (akuttambulerande team) ved DPSane skal gi tilbod òg til pasientar med rus/psykiatriproblematikk.
Konsultasjonsteamet ved Haugesund Sjukehus, gir eit tilbod til personar som er lagt inn på somatiske avdelingar pga intox eller der bruk
Ved behov kan kommunar be om drøftingsmøter i aktuelle saker; kontakt Poliklinikk for rusbehandling/PUT, v/poliklinikkleiar telf 52732000
Sosialtenestelova – tilbakehalding §§ 6.2, 6-2a og 6.3
Avtale med Blå Kors
Askøy Behandlingsenter (Blå Kors) har avtale med Helse Vest om å koordinere arbeidet i desse sakene. www.abkk.no , Askvegen 266, 5307 Ask, telefon: 56 15 51 00, telefaks: 56 14 97 50. Henvendingar etter disse paragrafane kan rettast til Askøy.
Haugaland a.senter tar i mot pasienter etter § 6-2 a og kan kontaktast direkte om dette.
Kommunen tar først kontakt med Askøy behandlingssenter i denne type saker.
Helse Fonna kan gi tilbod om avrusing (Haugesund sjukehus) og døgnopphald ved Valen sjukehus i saker etter sosialtenestelova. Askøy behandlingssenter tar kontakt med Helse Fonna for desse plassene.