Designelement
 

Sædbanken 


Haugesund sjukehus sitt Fertilitetssenter har sidan 1985 bistått ufrivillegg barnlause med å få barn. For nokon par er løysinga å nytte seg av sæd gitt av ein donor.

Kontakt oss
Telefon 52 73 23 13
saedbank@helse-fonna.no


Sædbanken har kontinuerleg behov for fleire donorar. Les korleis du kan bli donor.

Kven kan bli sædgivar?

Hovudregelen er at alle friske menn mellom 25 og 45 år kan melda seg som sædgivar og gi sæd i ein eingongsperiode.

Du må ha god helse og ingen alvorlege arvelege sjukdomar i familien, vere norsk statsborgar eller ha busetjingsløyve i Noreg. Vi ser gjerne at du har eigne born.

Når du kjem til Sædbanken for å registrere deg som sædgivar, tek vi blodprøvar av deg, du leverar ei sædprøve og vi gir deg informasjon om sædgiving. Du vil få ein time til den første sædgiving 2 til 3 veker fram i tid. Der skriv du under på samtykkeerklæring, får samtale med lege og besvarar eit spørreskjema om helsa di. Det vil òg bli tatt ei prøve frå urinrøyret for testing av klamydia og gonoré.

Dette må du vite

  • Barna kan få vite din identitet etter at dei er fylt 18 år
  • Du har ingen juridiske eller økonomiske forpliktingar overfor borna
  • Din sæd kan ikkje gi opphav til meir enn 8 born
  • Du kan når som helst trekkje ditt samtykke tilbake og få destruert sæd som ikkje er brukt

Kor og kva tid kan du gi sæd?
Ved Haugesund sjukehus kan du gi sæd tysdager frå klokka 07.30 til klokka 14.00, eller etter avtale. Det er andre opningstider i sommerferiane, jul og påske.



Publisert 24.08.2010 19:10 | Endret 19.10.2010 09:43 

 Kontaktinformasjon

Sædbanken i Haugesund
Haugesund sjukehus
Telefon: 52 73 23 13
E-post: saedbank@helse-fonna.no
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest