Designelement
 

Serviceeininga 


Serviceeininga sine tenester har eit gjennomgåande ansvar i Helse Fonna.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Tilgang og tryggleik
Omfattar produksjon av identitetskort, innarbeide gode rutinar for tryggleik, rådgiving og opplæring innan mellom anna låsesystem.

Portør og vakthald
Service har koordineringsansvar innan all portørverksemd og eventuell vektarteneste.

Logistikk
Logistikktenester for vareleveransar, persontransport (tilsette) og andre transporttenester.

Sterilsentral
Sterilsentral har ansvar for fagleg- og hygienisk teneste ved institusjonar, og skal vidare sjå til at lovar og regler er i følgje norsk standard og at interne bestemmingar blir etterlevd.

Barnehagar
Barnehagetilbodet tilgjengeleg i Helse Fonna er organisert under serviceeininga.

Som tilsett i Helse Fonna kan du søke på barnehageplass i ein av barnehagane med samarbeidar med.

Helse Fonna disponere plassar i barnehagar i Haugesund og på Stord. Når det gjeld Valen og Odda er det god barnehagedekning, og ein får plass i dei kommunale barnehagane.

Opptak til barnehageplassane blir gjort av ei nemnd. Med utgangspunkt i dei generelle opptakskriteria, er det opp til sjukehuset å arbeide ut konkrete retningslinjer for årleg hovudopptak.

Det ligg føringar for kva grupper som skal prioriterast. Ved fråvær av prioriterte søkarar skal følgjande kriterium gjelde:

  • Ansiennitet
  • Einslege forsørgjarar
  • Familieforhold (eigen saksgang gjennom personalrådgjevar)


Publisert 24.08.2010 15:21 | Endret 25.08.2010 20:04 

 Kontaktinformasjon

Hans Magne Aase
Telefon: 52 73 29 20
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest