Designelement
 

Sikkerheitseksjonen, Valen 


Seksjonen for sikkerheit er lokalisert til Valen Sjukehus, men har ein føretaksovergripande funksjon.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Verdigrunnlag
Alle som arbeider i seksjonen skal møte pasienten sitt behov for kvalitativ god behandling i eit miljø prega av samarbeid, tryggleik og respekt.

Seksjon for sikkerhetspsykiatri og Psykosebehandling er ein av fire seksjonar på sentralsjukehusnivå i Helse Fonna. Seksjonen er lokalisert til Valen Sjukehus, men har ein føretaksovergripande funksjon. Seksjonen skal gje eit behandlingstilbod til pasientar frå heile Helse Fonna sitt opptaktsområde - frå Karmøy i sør til Jondal i nord.

Sikkerheitsseksjonen vert kjenneteikna ved

  • Høg fagleg kvalitet med krav til kontiniuerleg utvikling og revisjon av eigen aktivitet.
  • Eit behandlingsmiljø prega av høg etisk standard og med fokus på brukarmedverknad.
  • Ei personalgruppe som er særleg engasjerte og stabil, med god kompetanse og høg moral.

Postane i seksjon for sikkerhetspsykiatri og psykosebehandling

Eining for Sikkerhetspsykiatri
Eining for sikkerhetspsykiatri har 9 behandlingsplasser for menn som har vold og farlighetsproblematikk, i tillegg til si alvorlige psykiske liding. Behandlingseininga ligg på Valen Sjukehus og har foretaksovergripane funksjon for heile Helse Fonna HF.

Pasientar som vert innlagte på posten har ein vanskeleg periode i livet sitt, og mange er innlagt på tvang. Personalet som arbeider her har mykje kunnskap og erfaring med å hjelpa og trygga menneske i ein slik krevande fase, slik at dei kan få samla seg og ta kontroll over livet sitt igjen.

Behandlinga vert gjeve ut frå beste definerte praksis, der brukarinvolvering er sentralt så snart pasienten er klar for det. Når pasienten er stabilisert, kan ein starta utreiing.

I tillegg til generell utreiing av psykisk lidelse, kan vi utreia volds- og farligheitsproblematikk. Behandling vert gjeve i eit strukturert, forutsigbart og trygt miljø ut frå det som er pasientens behov.

Etterkvart skal våre behandlings- og tilnærmingsmetodar bli vidareført på rehabiliteringsposten. 

Eining for rehabilitering
Eining for rehabelitering har 8 behandlingsplassar på Valen Sjukehus, og har foretaksovergripande funksjon i heile Helse Fonna HF. 2 av behandlingsplassane er tiltenkt kvinner som har volds. og farligheitsproblematikk, i tillegg til si alvorlege psykiske lidingar.

Dei andre plassane er for pasientar som er komme til rehabiliteringsfasen i behandlingsforløpet på sikkerhetsposten og for pasientar med alvorlege sinnslidingar som treng eit strukturert behandlingsopplegg over lengre tid.

Eininga skal driva aktivt rehabiliteringsarbeide, spesielt i samband med pasientar som har hatt ei alvorleg sjukehistorie der rehabiliteringsfasen kan vere langvarig og kompleks, og strekke seg over tid. Ved hjelp av kartlegging av alminneleg dagleg livsførsel (ADL) og trening vil ein oppretthalde eller betre funksjonsnivået til pasientane slik at dei kan vidareførast til DPS eller kommune over tid.

Ambulant Sikkerhetsteam er organisert under Eining for Rehabelitering, men skal arbeida aktivt i forhold til sikkerhetsposten også. Det er samansett av behandlarar og sosionomar frå begge sengepostane, samd sjukepleiarar.

Dei skal sørge for at pasientar som tilhøyrer sikkerhetskjeda skal få skreddarsydde opplegg for å bli trygt ivaretatt på ein forsvarleg og god måte på lågare omsorgsnivå. Nokre pasientar vil ha behov for å ha tvunge vern i bustad eller bufelleskap, med jevnlige kontrollopphald i sengeposten. For å ivareta heilskapen i pasientforløpet vil ein utvida behandlingskjeda mot bufelleskap eller bustad.

Teamet har i samarbeid med kommunen utarbeida ein forpliktane avtale for samarbeid og utflytting omkring pasientane i sikkerhetskjeda.

Vårt mål er å få trygge samarbeidspartar og gjera dei som skal arbeide med pasienten på neste nivå i stand til å ivareta tett oppfølgjing av krevjande pasientar gjennom kunnskaps- og erfaringsoverføring. Det får ein til ved hospitering, undervisning, utflyttingsprosess, heimebesøk, rådgjeving og reinnleggelse ved behov.

Eining for Psykosebehandling
Eining for psykosebehandling har 9 behandlingsplassar og skal gje behandling ved alvorleg psykoseproblematikk i akuttopptaksområdet til Valen Sjukehus i Helse Fonna. Det er ein kjønnsblanda, lukka post som tar imot planlagde innleggingar etter søknad.

Psykotisk liding er samansett og krev difor eit behandlingstilbod som er differensiert og tilpassa det behovet pasienten har.

Pasientane har ofte stor symptombelastning, lågt funksjonsnivå, lang sjukehistorie trass ung alder og som ikkje har vore tilgjengeleg for behandling på eit lågare nivå i behandlingskjeda. Målsetjinga er å gje denne pasientgruppa eit behandlingstilbod som er tilstrekkeleg ut frå det som til ei kvar tid vert anbefalt for den lidinga dei har.

Vi vil hjelpe pasienten i å sjå meininga med behandlinga, ved å styrka den friske delen slik at den kan bli sterk nok til å ivareta heile personen. Dei fleste pasientane er utreda for kva sjukdom dei har, så dette vil ikkje vera hovedfokus.

Utvikling av ein god og trygg behandlingsallianse reknast som ein grunnleggande føresetnad for alle behandlingsformer for schizofreni og psykoser generelt.



Publisert 24.08.2010 15:26 | Endret 18.01.2012 14:55 

 Tilvisingar

Valen sjukehus har eige tilvisingsteam.
Send brev til:

Valen sjukehus
ved Inntaksteam
Sjukehusvegen 26
5451 Valen

 Last ned brosjyrar

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest