Akuttpost
Akuttpost tar i mot pasientar med akutte psykiatriske lidingar og akutte forverringar av psykiske lidingar, og innlegging som akutt hjelp. Grunnlaget for akuttinnleggingar vil som hovudregel vere risiko for suicid eller psykotiske tilstandar der behandling på lavare nivå ikkje er tilstrekkeleg. Ein har totalt tolv sengeplassar.
Spesialpost
Spesialpost for spiseforstyrringar og sjølvskading tilbyr døgnbehandling for pasientar med spiseforstyrringar og omfattande sjølvskading. Posten har seks sengeplassar.
Spesialpoliklinikk
Spesialpoliklinikk består av Psykiatrisk ungdomsteam/vurderingseining for rus, ECT team, nevropsykologisk testlaboratorium, familie/vold team, konsultasjon-liason team og poliklinikk for utviklingshemma, og i tillegg regionalt nettverk for autisme og psykiske lidingar.
Post 1
Seksjon for spesialisert behandling - Post 1
Eit behandlingstilbod for akutte psykiatriske lidingar til pasientar i Helse Fonna området.
Posten er ein lukka post med 12 døgnplassar – med ein skjermingsavdeling med to sengeplassar. Det er òg sett av to sengeplassar til avrusing. Posten har ein akuttfunksjon og tar imot pasientar over 18 år med eit breidt diagnosespekter.
Målgruppe
Pasientar med:
- Akutt psykose
- Alvorlege depressive lidingar med suicidalfare
- Dobbeldiagnoseproblematikk (rus/psykiatri)
- Alvorlege affektive lidingar
- Avrusing
Vi gir òg eit tilbod til pårørande og pasienten sine barn med informasjon og støtte.
Kven er vi?
Teamet på posten er tverrfagleg sett saman med overlegar, assistentlegar, psykologspesialist, avdelingssjukepleiar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar (fleire med vidareutdanning i psykiatri og rusproblematikk) og husmor. Vi er ein post som gir spesialisert behandling i akuttfasen av psykiske lidingar med siktemål at pasienten raskt skal gjenvinne sitt tidlegare funksjonsnivå. Behandlinga består av miljøterapi, samtalebehandling og medikamentell behandling. Etter at den akutte fasten er over blir pasienten enten overført til døgnavdeling ved DPS for vidare behandling eller utskriven til heimen med oppfølging frå 1. linjetenesta.
Besøkstid
Besøkstid 17-19 på kvardager. Besøk til andre tider kan avtaleast med posten.
Kven kan tilvise/henvise?
Akutt hjelp: Lege og legevakt i opptaksområdet, og tilhøyrande DPS.
Planlagd avrusing: Lege, psykolog, sosialteneste i kommunane og DPS
Søknad om behandling kan ein sende:
Helse Fonna
Klinikk for psykisk helsevern
Psyk post 1
Haugesund sjukehus
Postboks 2170
5504 Haugesund
Forespørslar kan rettast til Avdelingssjukepleiar Hilde Hillesland, telefon 52 73 27 00.
Post 2
Dette er ein open døgnpost med 5 døgnplassar berekna for pasientar med spiseforstyrringar, og personlegdomsforstyrringar med alvorleg sjølvskading.
På sikt er det planlagd å starte opp eiga dagavdeling med individuell oppfølging og gruppeterapi.
Vurderingseininga PUT
Målgruppe
Utgreiing og behandling for pasientar i Helse Fonna (Haugaland DPS sitt nedslagsfelt) med samtideg førekomst av rusmisbruk og patologi i form av psykotisk tilstand over kort eller lang tid, angsttilstand, stemningslidingar, personlegdomsforstyrringar og/eller andre spesielle tilstandar i aldersgruppa 16 år og oppover. Utgreiing til institusjonsbehandling er og ein av oppgavene.
Ei sekundær målgruppe er foreldre og samarbeidande organ kor teamet kan tilby generell informasjon, råd, rettleiing, undervisning o.a.
Kven er vi?
Teamet er tverrfagleg sett saman med psykiater, psykologspesialistar, kliniske sosionomar og klinisk spesialist i psykiatrisk sjukepleie.
Kven kan tilvise?
Legar, psykologar, barnevern, sosialteneste, DPS og spesialisthelsetenesta.
Søknad om utgreiing/behandling skal sendast til:
Helse Fonna
Klinikk for psykisk helsevern
Seksjon for spesialisert behandling
Haugesund sjukehus
Postboks 2170
5504 Haugesund
Psykiatrisk poliklinikk for Psykisk utviklingshemma
Målgruppe
Den primære målgruppa er psykisk utviklingshemma av moderat, alvorleg eller djup grad. Personar med uspesifisert psykisk utviklingshemming vil i mange tilfelle tilhøyre denne kategorien og blir derfor inkludert i den primære målgruppa.
Sekundær målgruppe er lett psykisk utviklingshemma. Med sekundær målgruppe meinest det at det må føreligge ytterlegare indikasjon for at teamet skal arbeide med saka.
Dette er:
- Utfordrande adferd
- Mangelfull utgreiing
- Tidlegare behandlingsforsøk har ikkje lukkast
- Arbeidsområde
- Utgreiing av psykisk utviklingshemming og årsak til dette
- Utgreiing og behandling av psykiske lidingar i målgruppa (dobbeltdiagnose)
- Rettleiing til kommunal psykiatri- og omsorgsteneste i arbeid med, oppfølging av og tilrettelegging for personar med dobbeltdiagnose
Regional funksjon
Teamet har regional funksjon i høve til regionalt nettverk for barn og vaksne med autisme og psykiatrisk/atferdsmessige tilleggsvanskar. Oppgåver i samband med dette strekkjer seg frå å etablere og oppretthalde eit fagnettverk innan feltet, gi spesialisert utgreiing og behandling i eige opptaksområde, rettleie spesialisthelsetenesta i Helse Vest, og vere pådrivar for forskning og fagutvikling på feltet.
Familievald-teamet
Målgruppe
Par og familiar med valdsproblematikk og der ein eller fleire i familien har psykiske vanskar. (Diagnostisert i henhold til ICD-10). Familievaldteamet er eit tilbod som skal dekke heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
Tilvisar: Legar, sosial- og barnevernteneste, DPS og spesialisthelsetenesta.
Definisjon vald
Vald er kvar handling retta mot ein annan person (eller gruppe) som søker å påverke denne/desse gjennom å skremme, skade, smerte eller krenke.
Valden kan vere fysisk, psykisk, materiell, seksuell eller latent.
Behandlingstilbod
Valdsutøvar og valdsutsatt får kvar sin behandlar. Eventuelle barn får behandlar i BUP. Barna blir involverte først noko seinare i behandlinga. Paret/familien møter ca. kvar tredje veke, ca. 90 min. Vi har først ein fellessamtale med paret for å avklare målsetting og eventuelle kontraindikasjonar til familiearbeid. Etter dette kartlegger vi utøvar og utsette sitt forhold til vald, og lagar ein sikringsplan. Ved behov tar vi kontakt med familiekoordinator hos politiet eller inviterer barnevernsmedarbeidar for informasjon om deira tenester.
Det vidare forløp er ein kombinasjon av individuelle og felles samtaler. Vi har òg reine undervisningstimar der vald blir tematisert. Det blir undervist om ulike meistringsstrategiar som time-out, avspenningsteknikkar og liknande. Eit viktig fokus er kommunikasjon. Vi har utgangspunkt i ein systematisk familietilnærming med stor vekt på sirkularitet og undring. Paret eller familien får ”heimelekse” frå gong til gong med hovudhensikt å øve opp nye strategiar eller ferdigheiter.
Om fleire terapeutar er involverte, til dømes der det er fleire born, blir det halde faste samarbeidsmøter dei imellom.
Nevropsykologisk eining
Kva er ein nevropsykologisk utgreiing?
Ein nevropsykologisk utgreiing er ein av fleire måtar å finne informasjon om hjernen sin funksjon på. Utgreiinga består som regel av ein vurderingssamtale for innhenting av bakgrunnsinformasjon, testing (2-3 dagar) og ein tilbakemeldingssamtale. Testane blir gjennomført av eigne testteknikerar og funksjonsnivå kan kartleggast innan ei rekke område, mellom anna motoriske og sensoriske ferdigheitar, konsentrasjon, hukommelse, problemløysingsferdigheitar, hurtigheit, rom-/retningssans, og grunnleggande kartlegging av psykiske forhold. Ingen av dei nevropsykologiske testane er forbunden med fysisk smerte eller ubehag.
Kva pasientar har vi ansvar for?
Nevropsykologisk Eining har ansvar for nevropsykologisk utgreiing av pasientar over 18 år innan heile Helse Fonna område. Dei pasientar som blir utgreia ved eininga, er dei kor det føreligg:
- Mistanke om erverva nevrologiske avvik (f eks hjerneskade, hjerneslag, nevrologisk sjukdom, løysemiddelskade, forgiftingar)
- Mistanke om medfødde nevrologiske avvik, ikkje tidligare diagnostisert (f eks ADHD, utviklingsforstyrringar). Personar med ADHD/ADD blir først utgreia ved DPS, som tar stilling til kor vidt det er behov for bistand frå Nevropsykologisk Eining
- Kompliserte psykiske eller somatiske lidingar der ein treng ei breiare kartlegging av funksjon for å betre kunne forstå pasienten sin sjukdom
Største tilvisar til Nevropsykologisk Eining er Nevrologisk seksjon. Dei tilviser i all hovudsak personar med erverva hjerneskadar og nevrologiske sjukdommar, for vurdering i forhold til aktuelt funksjonsnivå, sjukdomsgang, rehabiliteringspotensiale, evne til å kjøre bil og resterande arbeidsevne.
Utover desse pasientane gjennomfører òg Nevropsykologisk Eining testing av barn for BUP og Rehabiliteringstenesta, men der det faglege ansvar for utgreiinga då ligg hos desse instansane.
Kva oppfølging gir Nevropsykologisk eining?
Nevropsykologisk eining er i hovudsak ikkje ei behandlingseining, men ei utgreiingseining. Tilbodet vi gir er knytta opp mot dei utgreiingane vi gjennomfører. Grunnleggande rådgiving etter utgreiing blir gitt i tilbakemeldingssamtale til alle pasientar som ønskjer dette.
ECT
Seksjon for spesialisert behandling - ECT-team
Målgruppe/Pasientgruppe
- Alvorleg suicidale
- Deprimerte med og utan psykosar
- Sekundære depresjonar
- Bipolare lidingar i begge fasar
- Blandingstilstandar, for eksempel pseudodemens eller borderline
- Parkinsonsjukdom
- Postpartum depresjonar
Behandlingstilbod
Tilbod til pasientar med nevnte indikasjonar i heile Helse Fonna:
- Behandlingstilbod for 5 pasientar 3 gonger i veka, måndag – onsdag – fredag
- Oppfølging med testing med MADRS og BDI før og 1-2 mndr. etter behandlinga
Tilvisings-/Henvisningsrutine
Tilvisingar kan kome frå døgnpostar i psykiatrisk klinikk, privatpraktiserande psykiatarar og allmennlegar
Tilvisninga skal stilast til seksjon for spesialisert behandling, Haugesund sjukehus, ECT-team
Behandlarressursar
Det er tilsett 2 psykiatriske sjukepleiarar i 50 % stilling i teamet.
I tillegg er det knytt opp psykiater, assistentlege og psykologspesialist.
Behandlingsforløp
Ved seksjon for spesialisert behandling har ECT-teamet eit eige rom der polikliniske pasientar og pasientar frå andre døgnavdelingar møter opp om morgonen kl. 08.00 for behandling.
Behandling skjer måndag, onsdag og fredag og ein har kapasitet for inntil 5 pasientar pr. dag.
Sjølve behandlinga skjer i narkose og blir utført av lege i samarbeid med psykiatrisk sjukepleiar. Ein vanleg behandlingsserie består av 12 behandlingar over 4 veker. I enkelte høve er det aktuelt å tilby vedlikehalds-ECT.
Konsultasjonsteam
Seksjon for spesialisert behandling - Konsultasjonsteam
Konsultasjonsteamet tilbyr psykiatrisk bistand til somatiske einingar
ved Haugesund sjukehus i form av vurderingar, konsultasjon/rådgiving.
Målgrupper
- Pasientar innlagt i somatiske einingar med villa eigenskade
- Etterlatte etter sjølvmord, i den akutte fasen
- Pasientar tilvist etter alvorleg/terminal sjukdom eller ulykke, og deira pårørande
- Pasientar med post partum reaksjonar
- Ansatte i somatiske einingar som treng konsultasjon/rådgiving knytta til pasientar med psykiatrisk komorbiditet
Rutiner for tilvising
Tilvising skal sendast på vanleg måte
Kven er vi?
Konsultasjonsteamet er tverrfagleg samansatt, og inngår i den polikliniske verksemda til Seksjon for spesialisert behandling ved Haugesund sjukehus. Fagleg ansvarleg for teamet er poliklinikkleiar Jan Mydland. Teamet er satt saman av psykologspesialist og psykiatriske sjukepleiarar.
Kontakt konsultasjonsteamet
Psykiatrisk sjukepleiar
Else-Helen Stokkvik
Internnummer 52 73 27 00
Psykologspesialist
Jan Mydland
Telefon: 52 73 27 00