Kvar deltakar kjem til ein individuell undersøking hos fysikalsk medisinar før deltaking i gruppe.
Behandlingstilbodet føregår i grupper over to dagar med undervisning og aktivitet. Deretter ein individuell vegleiingsamtale.
Undervisning
Målet med undervisninga er å formidle kunnskap, som kan gi innsikt og tryggleik rundt eigen situasjon, og med det gi grunnlag for meistring, betring og oppretthalde aktivitet og arbeid.
Gruppeaktivitet
Målet med gruppeaktiviteten er å gi ein moglegheit for positive rørsleerfaringar og meistring, samt underbyggja kunnskapen som vert formidla i undervisninga.
Vegleiingssamtale
Målet med vegleiingssamtalen er ei kvalitetssikring og ivaretaking av kvar einskilt deltakar. Hensikta er å sikre forståing, auka tryggleik og bevisstheit rundt eigen funksjon, samt motivere til deltaking i samfunnet og arbeidsliv.
Tverrfagleg team
Trygg rygg består av legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiar, idrettspedagog, fysioterapeut og helsesekretær.
Krav om tilvising
Trygg rygg er ein del av spesialisthelsetenesta. Difor er det krav om tilvisning frå lege eller anna helsepersonell med tilvisningsrett.
”Raskare tilbake”
Tilbodet kan vere ein del av ”Raskare tilbake”-programmet.
Publisert
24.08.2010 19:41 |
Endret
24.08.2010 19:47