Designelement
 

Eining for psykosebehandling 

 
Behandlingstilbod med 9 døgnplassar på sentralsjukehusnivå, som i hovudsak rettar seg mot personar med alvorlege psykiske lidingar, som langvarig psykose. 6 plassar er for akuttopptaksområdet til Valen Sjukehus og 3 plassar er overgripane behandlingsplassar i Helse Fonna. Posten er ein lukka post og tek berre imot planlagde innleggingar etter søknad.
 

Målgruppa
Målgruppa er pasientar med stor symptombelastning, lågt funksjonsnivå, lang sjukehistorie trass ung alder og som ikkje har vore tilgjengelege for behandling på lågare nivå i behandlingskjeda (DPS).

Dei er prioritert til å ha rett til behandling, og kan vere både frivillige og tvangsinnlagte.

Psykoseposten meiner det er viktig å legga til rette for styrking av det friske hjå pasienten og for pasienten sin medverknad og påverknad i behandlinga.

Når vi mottek søknad ønskjer behandlarteamet å oppsøka pasienten for å gjennomføra eit forvern for å avklara forventningar og å orientera om behandlingstilbodet.

Planlegging av utskriving startar allereie ved innlegging i posten. Dette er for å synleggjera behandlingsforløpet og betringsprosessen for pasienten. 

Les meir: Eining for psykosebehandling

Behandlingstilbod

  • Alle får tildelt pasientansvarleg behandlar og 3 miljøkontaktar, som har spesielt ansvar for pasienten under opphaldet.
  • Utredning vil vanlegvis ikkje vere hovudfokus, då dei aller fleste er ferdig utreda når dei kjem til posten. Men spesialisten følgjer eigne retningslinjer for dette utifrå behov.
  • Medisiner
  • Samtaleterapi
  • Miljøterapi med fokus på høgt nivå av støtte, programklarhet, forutsigbarhet, praktisk orientering og lågt nivå av sinne og aggresjon.
  • Relasjonsbygging blir særleg vektlagt då utvikling av ein god og trygg behandlingsallianse reknast som å vera ein grunnleggande føresetnad for alle behandlingsformer for psykose.
  • Trening i funksjonar
  • Felles ergoterapi- og aktivitetstilbod på sjukehuset. Egen aktivitør i posten.
    Les meir: Aktivitetar på tvers av postane
  • Individuell plan og nettverksarbeid 
    Les meir: Individuell plan
  • Informasjon om sjukdomen og behandlinga
  • Pasientundervisning i regi av LMS psykisk helsevern
  • Vi vektlegg eit godt samarbeidsklima med familien og engasjement blir teke vare på og sett på som noko viktig og positivt.
    Les meir: Barne- og familieprogrammet og Pårørandebrosjyre

Tilknytt posten
Psykologspesialist, psykiater, lege, sosionom, spesial sjukepleiarar, hjelpepleiarar, assistentar, aktivitør. Sjukehuset har eigen fritidsleiar og det er knytt prest til sjukehuset.

Behandlingstid
Det er pasienten sin tilstand og vidare behandlingsbehov som må vera avgjerande for kva tid pasienten skal tilbake til DPS. Det er likevel rimeleg å tenkja seg at opphaldet på psykoseposten har ei øvre grense og ikkje overstig 1,5 år for å unngå at pasienten er for lenge vekke frå sitt heimemiljø.


Publisert 31.10.2011 13:55 | Endret 23.03.2012 12:55 

 Til deg som er tilsett

 Kontaktinformasjon

Psykologspesialist Gerd F.Lilleeng
Telefon 52 46 64 51

Inger Karin Røssland (Foto: Eirik Dankel)

Funksjonsleiar Inger Karin Røssland

Telefon 53 46 64 73

 Søknadsskjema

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest