Rehabiliteringsposten har åtte føretaksovergripande behandlings- og rehabiliteringsplassar for begge kjønn på Valen Sjukehus.
Posten har to hovedfunksjonar
- Stabilisering, utredning, behandling og rehabelitering av kvinner med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med volds -og farlighetsproblematikk
- Rehabilitering av pasientar med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med volds -og farlighetsproblematikk som er stabilisert på sikkerhetsposten og som treng behandling/rehabilitering i eit strukturert miljø over tid
Målgruppa
Målgruppa er pasientar som har hatt ein alvorleg sjukehistorie der rehabiliteringsfasen kan vere langvarig og kompleks og strekka seg over tid.
DPS er hovudvegen ut ved utskriving, men for enkelte pasientar er ikkje det nok.
Ambulant sikkerhetsteam er organisert under eininga og kan sørga for skreddarsydde opplegg for nokre pasientar. ( Sikkerhetskjeda) Gjennom sikkerhetskjeda og Ambulant sikkerhetsteam blir dei trygt ivaretatt på ein forsvarleg måte på eit lågare omsorgsnivå.
Behandlingskjeda er utvida mot bufellesskap eller bustad med jevnlige kontrollopphald i posten for å ivareta heilskapen i pasientforløpet.
Vårt mål er trygge samarbeidspartar og gjera dei som skal arbeida med pasienten på neste nivå i stand til å ivareta tett oppfølging av krevjande pasientar gjennom kunnskaps og erfaringsoverføring.
Les meir: Velkommenbrosjyre til eining for rehabilitering
Behandlingstilbod
- Alle får tildelt pasientansvarleg behandlar og 2 miljøkontaktar, som har spesielt ansvar for pasienten under opphaldet
- Utredning, diagnostisering og behandling
- Medikamentell vurdering og behandling
- Samtaleterapi
- Miljøterapi med fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om egen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøpersonale og medpasientar
- Kartlegging og trening i daglige funksjonar ( ADL) for å oppretthalde eller betra funksjonsnivået
- Felles ergoterapi- og aktivitetstilbod på sjukehuset. Egen aktivitør i posten.
Les meir: Aktivitetar på tvers av postane
- Individuell plan og nettverksarbeid
Les meir: Individuell plan
- Informasjon om sjukdomen og behandlinga
- Pasientundervisning i regi av LMS psykisk helsevern
- Vi vektlegg eit godt samarbeidsklima med familien og engasjement blir teke vare på og sett på som noko viktig og positivt.
Les meir: Barne- og familieprogrammet og Pårørandebrosjyre
- Samarbeid med kommune om utarbeiding av forpliktande avtale for samarbeid og utflytting omkring pasientane i sikkerhetskjeda
Tilknytt posten
Psykologspesialist, Psykiater, lege, sosionom, spesial sjukepleiarar, sjukepleiararar, hjelpepleiarar, assistentar, aktivitør. Sjukehuset har eigen fritidsleiar og det er prest tilknytt sjukehuset.
Publisert
31.10.2011 13:46 |
Endret
23.03.2012 12:55