Designelement
 

Eining for Sikkerhetspsykiatri 

 
Sikkerhetsposten har 9 føretaksovergripande behandlingsplassar for menn på Valen Sjukehus. Hovudfunksjonen er stabilisering, utreding og behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med volds -og farlighetsproblematikk.
 

Målgruppa
Målgruppa er pasientar som har alvorleg sinnsliding i kombinasjon med volds-og farlighetsproblematikk eller som er dømt til behandling/tvunge vern.

Behandlingsfasen kan vere langvarig og kompleks.

Eining for rehabilitering er hovudvegen ut ved utskriving, men sikkerhetsposten har enkelte skreddarsydde opplegg for nokre pasientar. Gjennom sikkerhetskjeda og Ambulant sikkerhetsteam blir dei trygt ivaretatt på ein forsvarleg måte på eit lågare omsorgsnivå.

Behandlingskjeda er utvida mot bufellesskap eller bustad med jevnlige kontrollopphald i posten for å ivareta heilskapen i pasientforløpet.

Vårt mål er trygge samarbeidspartar og gjera dei som skal arbeida med pasienten på neste nivå i stand til å ivareta tett oppfølging av krevjande pasientar gjennom kunnskaps og erfaringsoverføring. 

Les meir: Velkommen til eining for sikkerhetspsykiatri

Behandlingstilbod i posten

  • Alle får tildelt pasientansvarleg behandlar og 2 miljøkontaktar, som har spesielt ansvar for pasienten under opphaldet.
  • Stabilisering og trygging i akuttfasen
  • Utredning, diagnostisering og behandling.
  • Medikamentell vurdering og behandling.
  • Samtaleterapi
  • Miljøterapi med fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om egen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøpersonale og medpasientar.
  • Felles ergoterapi- og aktivitetstilbod på sjukehuset. Egen aktivitør i posten.
     Les meir: Aktivitetar på tvers av postane
  • Individuell plan og nettverksarbeid 
    Les meir: Individuell plan
  • Informasjon om sjukdomen og behandlinga
  • Pasientundervisning i regi av LMS psykisk helsevern 
  • Vi vektlegg eit godt samarbeidsklima med familien og engasjement blir teke vare på og sett på som noko viktig og positivt. 
    Les meir: Barne- og familieprogrammet og Pårørandebrosjyre
  • Samarbeid med kommune om utarbeiding av forpliktande avtale for samarbeid og utflytting omkring pasientane i sikkerhetskjeda

Posten har tilknytta seg
Psykologspesialist, Psykiater, lege, sosionom, spesial sjukepleiarar, sjukepleiararar, hjelpepleiarar, assistentar, aktivitør. Sjukehuset har eigen fritidsleiar og det er prest tilknytt sjukehuset.

Behandlingstid
Det er pasienten sin tilstand og vidare behandlingsbehov som må vera avgjerande for kva tid pasienten skal overførast til rehabiliteringsposten, DPS eller utskrivast.


Publisert 31.10.2011 13:36 | Endret 23.03.2012 12:54 

 Til deg som er tilsett

 Kontaktinformasjon

Carsta Echer (Foto: Eirik Dankel)

Psykiater Carsta Escher
Telefon 53 46 64 43

Monica Lindseth (Foto: Eirik Dankel)

Funksjonsleiar Monica Lindseth
Telefon 53 46 64 83

Roger Hartveit (Foto: Eirik Dankel)

Sosionom Roger Hartveit
Telefon 53 46 64 65
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest