Designelement
 

Ergoterapi og fritid 

 
Ergoterapi- og fritidseininga har ansvar for tilbod av aktivitetar ved Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Vi nyttar aktivitet som mål og middel til betre fysisk og psykisk helse.
 

Eininga ved Valen sjukehus tilbyd aktivitetar på gruppenivå eller individuelt, tilrettelagt ut frå kva pasientane sjølv etterspør og som ein veit har ei positiv verknad på plagene våre brukarar slit med.

Målsetting
”Vi skal drive ei behandlingsform som har til hensikt å betre og vedlikehalde pasienten sin fysiske, psykiske og sosiale situasjon ved ein målbevisst bruk av formgjeving, trim og friluftsliv, kunst- og kulturaktivitetar og praktiske daglege gjeremål basert på pasienten sin eigeninnsats.”

Vi tilbyr pasientane tilrettelagte aktivitetar i trygge omgjevnader. Det vert lagt vekt på at pasientane skal få oppleva meistring og kjensla av å utvikla seg, slik at ein får vise for seg sjølv og andre at ein kan noko, har evner.

Dette bidreg til auka sjølvtillit og overskot som gjer ein betre rusta til å jobba med plager og problem. Vi gir pasientane reiskap, kunnskap og strategiar til å meistra eigne plager.
 
Eksempel på faste tilbod

  • Arbeidsstove
  • Treningskjøkken
  • Snikkerverkstad
  • Fysisk aktivitet
  • Utearbeid
  • Friluftsliv
  • Felles ergoterapi- og aktivitetstilbod på sjukehuset. Egen aktivitør i posten. Les meir: Aktivitetar på tvers av postane

Publisert 16.12.2011 12:39 | Endret 02.02.2012 10:07 

 Årsplan

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest