Post A er ein lukka Dobbeldiagnosepost: Rus/psykiatri, for 8 pasientar med heile Helse Fonna som opptaksområde.
Målgruppe
Målgruppa til post A er menneske med betydeleg funksjonssvikt grunna alvorleg psykisk sjukdom og som i tillegg har eit alvorleg rusmisbruk.
Valen sjukehus kan ta imot inntil 2 pasientar jmf. Sosialtjenestelova § 6.2 og § 6.3, fortrinnsvis ved post A.
Kven arbeider hos oss?
I posten skal det vere overlege med kompetanse på behandling av både psykiatri og rusproblem, psykolog, sosionom, spesialsjukepleiarar i rus og psykiatri og hjelpepleiarar.
I behandlinga blir det i tillegg til individuell samtaleterapi lagt stor vekt på miljøterapi der ein har fokus på fysisk aktivitet.
Behandlingstilbod/tilbod ved post A
Målet for behandling
- At den psykiske sjukdomen er betra eller stabilisert
- At pasienten opplever rusmeistring
- At pasienten sine eventuelle rettar og behov i høve til eit verdig liv er stetta
Publisert
16.12.2011 12:48 |
Endret
27.01.2012 12:30