TERMA består av både teoretisk og praktisk kunnskap som kan gjere arbeidstakarar betre rusta til å møta aggresjon og truande oppførsel frå pasientar og tenestemottakarar. TERMA står for terapeutisk møte med aggresjon.
I 2008 /2009 inngjekk 20 personar frå alle HF i Region Vest eit samarbeid om å vidareutvikla tidligare TERMA manual frå Helse Bergen frå 2005.
Det resulterte i at Valen Sjukehus gjennom sitt samarbeid med kompetansesenteret for fengsels- sikkerheits- og rettspsykiatri fekk utdanna seks instruktørar.
Innhaldet er forankra i behandlingsfilosofien til Seksjon for Sikkerheitspsykiatri og psykosebehandling og kvalitetssikra gjennom det tverrfaglege miljøet.
Vi kan tilby ulike undervisnings- og opplæringspakkar tilpassa den einskilde oppdragsgjevar:
- TERMA undervisning
- TERMA grunnkurs
- TERMA vegleiing
Føremålet med TERMA er at dei tilsette skal ha så mykje kompetanse når dei møter aggressiv åtferd at dei ikkje treng å bruka fysiske teknikkar. Kunnskap om bruk av makt og tvang vil kunna vera avgjerande for utfallet av situasjonen og kvaliteten på relasjonen til pasienten etterpå.
TERMA grunnkurs over to dagar gjev ei innføring i grunnleggande kunnskapar som kan kome til nytte før, under og etter pasientsituasjonar som utviklar seg i aggressiv retning. Undervisninga er lagt opp med ei veksling mellom teori og trening på fysiske øvingar.
Tilsette i helse Fonna vil etter gjennomført kurs få tilgang til e-læringskurset med 29 ulike fysiske teknikkar som kan bli brukt for å unngå ytterlegare aggressive situasjonar. Det gjev mogelegheit for repetisjon av det som ein lærde på grunnkurset.
Oppdragsgjevarane vil vera sikra førelesarar med lang klinisk erfaring, som har fått gode tilbakemeldingar etter undervisning for tilsette i psykisk helsevern, omsorg for psykisk utviklingshemma, sjukeheimar / bufellesskap og rusmiddelomsorg.
Til no har TERMA instruktørane kursa omlag 160 tilsette i klinikk for psykisk helsevern over to dagar. I tillegg har 100 ferievikarar vore på dagskurs, omlag 80 kommunalt tilsette har vore på 2 dagars kurs og 70 tilsette på FIA på Stord har hatt intern opplæring.
Publisert
07.11.2011 13:30 |
Endret
27.01.2012 12:29