Designelement
 

Mandat brukarutval 

 
For perioden 2010-2012 er det oppnemnd nytt brukarutval i Helse Fonna.
 

Oppnemninga er gjort av brukarorganisasjonar i Hordaland og Rogaland etter kriterium sett av Helse Fonna. Det nye brukarutvalet har utarbeidd forslag til nytt mandat.

Føremålet har vore å gje Brukarutvalet ei tydeleg rolle i høve til styre og administrasjon i føretaket. Mandatet er i tråd med overordna lovverk og Helse Vest si tolking av korleis Brukarutvalet si observatørrolle i styre skal takast i vare.

Mandatforslaget er behandla av direktørmøtet og er som følgjer:

Brukarutvalet i Helse Fonna - mandat

Overordna føringar

Det er eit lovpålagd krav at verksemder som yt spesialisthelsetenester, etablerer system for innhenting av pasientar og brukarar sine erfaringar (Lov om helseføretak).

Oppnemning og konstituering

Ein legg vekt på representasjon frå brukargrupper med brei erfaring og som representerer både somatikk og psykisk helse. Dessutan skal alminnelege prinsipp for kjønnsmessig og geografisk representasjon sikrast.

Brukarorganisasjonane FFO og SAFO og dei fylkeskommunale eldreråda foreslår medlemmer og varamedlemmer til Brukarutvalet. Utvalet har til saman 9 medlemmer.

Brukerutvalet konstituerer seg sjølv, leiar og nestleiar blir valt for funksjonsperioden. Styret for Helse Fonna stadfestar mandatet og val av leiar og nestleiar etter forslag frå Brukarutvalet.

Brukarutvalet si funksjonstid er 2 år. Medlemmer til Brukarutvalet kan reoppnemnast, dersom dei på nytt blir foreslått av eigne organisasjonar.

Oppgåver

Brukarutvalet har følgjande hovudoppgåver:

  • vere et rådgjevande organ for styret og administrasjonen i saker som vedkjem tilbodet til pasientane

  • arbeide for gode og likeverdige spesialisthelsetenester uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonshemming
  • arbeide for god samhandling på tvers av teneste og forvaltningsnivå
  • bidra til god medverknad frå pasientar, deira pårørande og organisasjonar på alle nivå i spesialisthelsetenesta
  • ta initiativ til å fremje saker av interesse for pasientar og pårørande
  • gi høyringsuttalar til planar og utgreiingar
  • uttale seg i styresaker som utvalet finn relevante
  • bidra med brukarmedverknad til prosjekter, råd og utval etter initiativ frå Helse Fonna
  • ved leiar, nestleiar eller andre utvalet peikar ut, delta som observatør i opne styremøte
  • ikkje behandle enkeltsaker (pasientsaker)
  • AU, beståande av leiar, samhandlingssjef og samhandlingskoordinator, førebur møta i Brukarutvalet

     


Publisert 23.05.2011 15:30 | Endret 23.05.2011 15:35 

 Brukarutval

Brukarutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna.
Les meir
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest