Brukarutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna.
Brukarutvalet i Helse Fonna per oktober 2010.
Representatntar frå brukerutvalet deltar i ulike utval og prosjekt. Dei gir råd i sentrale spørsmål som gjeld helsetilbodet i området, som til dømes tilgjenge, dimensjonering, ventetider og kvalitetsutvikling.
Saker til brukarutvalet kan komme etter initiativ frå Helse Fonna eller frå det lokale brukarutvalet sjølve.
Brukarutvalet for Helse Fonna er samansatt av representantar frå ulike brukerorganisasjonar. Utvalet skal bidra til å overføre erfaringsbasert kunnskap frå brukarar tilbake til sjukehusa og dermed medverke til å sikre kvaliteten på tenestene.
Leiar: Erland Bakken, telefon 53 41 63 50/99 64 88 15
Nestleiar: Johann Belsvik, telefon 53 41 02 46
Det regionale brukarutvalet
Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.
I utvalet sitt representantar frå SAFO (Samarbeidsforum for funksjonshemmas organisasjonar) og paraplyorganisasjonen FFO. På nettsidene til Helse Vest finn du sakene som det regionale brukarutvalet i Helse Vest behandlar. Sakene er sortert på dato for møta.
Møteplan, haust 2011:
- 29.august
- 24. oktober
- 19. desember