Designelement
 

Læring og meistring 

Lærings- og meistringssenteret har ansvar for å gi opplæring til pasientar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne, og deira pårørande.

Læring inneber endring av kunnskap, dugleik og haldningar. Meistring handlar om opplevinga av å ha krefter til å møte utfordringar, og kjensla av å ha kontroll over eige liv. LMS-senteret skal bidra til auka livskvalitet gjennom betre meistring av livet med sjukdommen.

For menneske med kroniske sjukdomar, fysisk og psykisk er LMS ein møteplass, eit kurssenter og ein samarbeidsverkstad, eit aktivt informasjonssenter der brukar, pårørande og fagpersonell er likestilte og lærer av kvarandre. Her kan du lære å meistre livet med kroniske sjukdomar på ein betre måte, utveksle kunnskap og erfaring i samspel med andre – brukarar, pårørande og fagpersonar, og oppleve at du er ein ressurs – anten du er brukar eller pårørande.

Våre kurstilbod rettar seg mot både barn og vaksne. Dei bygger på tverrfagleg samarbeid og samarbeid med brukarorganisasjonane. Kursa blir utvikla, gjennomført og evaluert i samarbeid med erfarne brukarar, fagpersonell og Lærings- og meistringssenteret.

Samarbeid mellom LMS i Helse Fonna
LMS Psykiatri ved Valen sjukehus, LMS Haugesund sjukehus og LMS Odda sjukehus har eit nært samarbeid. LMS psykiatri arbeider ambulant og har kurs og møter og i LMS Odda sine lokale. Vi samhandlar og om enkelte kurs. Nettverket med brukerorganisasjonar og fagpersonar i distrikta, som det enkelte LMS har, blir og nytta på tvers av geografi, somatikk og psykiatri.

Fagpersonar frå LMS Haugesund kjem òg til Odda for å undervise helsepersonell, og arrangerer kurs og temakveldar i samarbeid med fagpersonar og brukarar i Odda.
 
Barn og familie

Familieretta tilbod ved Lærings- og meistringssenteret
Målet med familieretta tilbod ved LMS er å sikre forståeleg og relevant informasjon og rettleiing for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne og/eller kronisk sjukdom. Tilbodet skal vere lett tilgjengeleg for familiane og deira nettverk, uavhengig av diagnose og bustad. Det blir gitt familieretta tilbod ved mange LMS rundt i landet.

Helse Fonna har eit godt utvikla tilbod til familiar som har barn med kronisk sjukdom og/eller funksjonshemming. Tilboda rettar seg både mot barnet, foreldre og nettverket rundt barnet er gruppebaserte. Ein kan delta på tilbod som er retta mot spesielle diagnosar eller tilbod som går på tvers av diagnosar, både somatiske og psykiatriske.

Familieretta tilbod bygger på Lærings- og meistringssentra sin ideologi om erfaringslæring og brukarmedverknad, og har eit godt samarbeid med brukarorganisasjonar innanfor dei aktuelle områda.

Koordinator for Familieretta tilbod
Lærings- og Mestringssenteret – Barn, Haugesund Sjukehus
Sølvi Heimestøl, tlf. 52 73 28 80, solvi.heimestol@helse-fonna.no
Eivor Elin Fagerland Eikill,  tlf. 52 73 28 80, eivor.eikill@helse-fonna.no 

Barn som pårørande i somatikken
På sjukehusa har vi rutinar for å ta vare på barn og ungdom. Barn som pårørande er namnet på ei gruppe av ressurspersonar i avdelingane. Desse har særskilt ansvar for å sjå og møte barna når nære pårørande blir innlagt, og tilbyr familien støtte.

Nokre stader blir det gitt tilbod om samtalegrupper for barn som er i same situasjon. Dette vil alltid skje i open dialog med foreldra. Mange av desse gruppetilboda blir gitt i kommunane. LMS Psykisk helsevern kan gi informasjon om slike tilbod.

Kreftomsorg Rogaland og Kreftforeningen har i Haugesund eit miljøtilbod for barn og unge som er pårørande annankvar måndag. Dette heiter ”Treffpunkt” og er frå kl.1730-1930.

Påmelding og informasjon
Eli Rønnevik, telefon 47 50 04 04, eli@kreftomsorg.no.

Leiar Ressursgruppa Barn som pårørande i somatikken
Sjukehusprest Arne M. Hanssen, telefon 52 73 22 84, arne.hanssen@helse-fonna.no

 LMS i Helse Fonna

 Kontaktinformasjon

LMS Haugesund
Christense Eileraas Ek
Telefon: 52 73 28 80

Postadresse
Postboks 2170
5501 Haugesund

LMS Barn - Haugesund Sjukehus
Sølvi Heimestøl
Telefon: 52 73 28 80 

LMS Odda sjukehus
Jorunn Sekse
Telefon: 53 65 11 37/
53 65 12 28

Postadresse
Postboks 64
5751 Odda

LMS Psykisk helsevern
Sigrid Bøthun
Telefon 53 46 65 57
Mobil: 958 38 810 

Postadresse
LMS Psykisk helsevern
Valen sjukehus
5451 Valen 

Koordinerande funksjon
Merete Røthing
Telefon: 52 73 46 00

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro