Designelement
 

Barne- og familieprogrammet 

 
I Klinikk for psykisk helsevern ønskjer vi at barna til pasientane våre skal oppleve at dei blir sett og tekne vare på, og at desse foreldra får hjelp til betre meistring av foreldrerolla.
 
Om du er pasient i klinikken kan du difor vente at behandlaren din eller den barneansvarlege i avdelinga inviterer deg til å samtale om situasjonen for barna dine og gir tilbod om familiesamtale viss dei er under 18 år.

 

Vi i Barne- og familieprogrammet har ansvaret for:

  • Kartlegging av barna sin situasjon
  • Forsamtale for å førebu eventuell familiesamtale
  • Familiesamtale
  • Besøk
  • Oppfølging
  • Gruppetilbod
  • Kommunale tenester
  • BUP
  • Barneverntenesta
  • Uro og bekymring

Barn av foreldre med psykisk liding eller eit rusproblem

Mange foreldre/føresette som har ei psykisk liding eller eit rusproblem, er bekymra for barna sine. Dei kan synast det er vanskeleg å gi gode forklaringar om livssituasjonen, og er urolege for korleis dette verkar inn på barna og kva dei forstår. Foreldre som har det slik fortel også at det kan vere tungt å få kvardagen til å fungere.

 

Mange barn går med tankar og bekymringar når mor eller far er sjuk eller rusmiddelavhengig. Barna opplever, ser og høyrer meir enn vi vaksne mange gonger trur. Dei merkar det fort viss mor eller far blir annleis. Dei opplever gjerne også at dette er vanskelege tema å snakke om i familien ”Har det noko med meg å gjere?” – kan barn tenke. Likevel lar dei gjerne vere å stille spørsmål.

 

Det er ofte vanskelig for foreldre som slit med psykisk sjukdom eller rusproblem, å ta vare på barna sine. Mange har dårlig samvit for dette. Som foreldre vil vi alltid det beste for barna våre, men det er ofte vanskelig å strekke til, sjølv om vi vil. Det er naturleg å vere bekymra, og viktig å dele bekymringa med andre.

 

Familiesamtale

I familiesamtalen kan du få hjelp til å fortelje barna om mor eller far sin sjukdom og snakke med dei om desse vanskelege tema. Det er vanleg å ha ein forsamtale utan barna som førebuing til familiesamtalen. Og dersom det let seg gjera er det ønskeleg at også den andre foreldren/omsorgspersonen tek del i desse samtalane.

 

I familiesamtalen vil merksemda vere retta mot barna, deira forståing av situasjonen og korleis dei meistrar kvardagen. Samtidig er det mogeleg – saman med familien – å avklare om familien har behov for ekstra hjelp og støtte. Om familien ønskjer det kan vi hjelpe til med å knytte kontakt med BUP, barnehage, skule og anna hjelpeapparat på familien sin heimstad.

 

Erfaringar

Erfaringar viser at mange som har delteke i familiesamtalar seier det har vore til god hjelp. Familiesamtalen hjelper til å bryte tabu i familien. Uro og skuldkjensle kan lette når vi tør snakke om det som er vanskeleg eller vondt å forstå. Kontakten mellom barn og foreldre blir styrka når dei saman får setje ord på det som skaper bekymring. Det vanskelege kan framleis vere vanskeleg, men det blir litt mindre farleg når familien kan snakke saman om det.

 

Foreldre som har deltatt i familiesamtalar uttrykker at det har gitt dei større innsikt i og forståing for barna sin situasjon, og at familiesamtalen har vore ein stimulans til å fortsette å snakke meir ope i eigen familie. Mange har observert ei endring hjå barnet og fått dempa si bekymring.

 

Barn som har deltatt i familiesamtalar har sagt:

 

”Da jeg endelig turde å fortelle noen om det jeg hadde opplevd, følte jeg først at jeg sviktet pappa, men senere ble jeg bare lettet fordi jeg slapp å bære på den store hemmeligheten alene”

”Jeg fikk hjelp til å forstå at det ikke var min skyld og at jeg ikke kunne hjelpe mamma. Det er ikke mitt ansvar.” (sitert på regnbueprogrammet.no)


Tilbod på kommunenivå

Kontakten med tenester på kommunalt nivå er ein viktig del av Barne- og familieprogrammet. Det er her familien har sitt liv og barnet dagleg møter personell som kan ha ekstra merksemd mot ditt barn sin situasjon. Det er t.d. lettare for personell i skule og barnehage å møte barnet sine behov dersom dei veit om situasjonen heime. Kommunane har også eit fokus på barn som har foreldre som er psykisk sjuk eller avhengig av rusmiddel og har erfarne og engasjerte fagfolk som kan vera til støtte og hjelp. Utveksling av informasjon mellom ulike tenester skjer berre når dei den gjeld gir samtykke til det.

 

Nokre stader blir det gjeve tilbod om samtalegrupper for barn som er i same situasjon. Dette vil alltid skje i open dialog med foreldra, og oftast slik at også foreldra blir inviterte til nokre av samlingane. LMS Psykisk helsevern kan gi informasjon om slike tilbod.

 

Dersom du ønskjer å finna ut av tilbodet din kommune gir når barn er pårørande innan psykisk helsevern kan du ta direkte kontakt med helsesøster, psykisk helseteneste, barneverntenesta eller PPT.

Du kan òg finne kontaktperson og annan informasjon i denne oversikta.

 

Har du spørsmål?

Du kan ta opp spørsmål rundt barna med behandlaren din. Dersom du er pasient i Klinikk for psykisk helsevern kan også barneansvarlege på posten/poliklinikken informere om tilbod knytt til barna som pårørande.


Publisert 06.08.2010 12:38 | Endret 08.06.2011 15:39 

 Last ned

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest