Staten har ansvar for spesialisthelsetenesta, som mellom anna omfattar behandling i sjukehus og ved offentleg poliklinikk.
Helse Fonna For å få behandling ved sjukehus må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege. Ved behov for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller kommunal legevakt. Ved behov for akutt hjelp kan du ringe akuttmedisinsk naudhjelpssentral (113).
Eigendel
Betaling av eigendel
For poliklinisk behandling (ikkje innlegging) kan sjukehuset kreve ein fastsett eigendel frå pasienten. I tillegg til eigendel ved konsultasjon, kan sjukehuset kreve eigendel ved røntgen- og ultralydundersøkingar og ved nukleærmedisinske bildeundersøkingar. Eigendelen kan førast i kvitteringskortet for eigendelsordning 1.
Nokre pasientgrupper er fritatt for eigendel. Det gjeld blant anna ved:
- Undersøking og behandling i sambande med graviditet og fødsel
- Behandling av barn under 7 år
- Psykiatrisk behandling av barn og ungdom under 18 år
- Yrkesskade
- Allmennfarlege smittsame sjukdommar
Eigenbetaling er utgifter som ikkje inngår i frikortordningane. Desse utgiftene kan ikkje førast inn i kvitteringskortet for eigendel, og du må betale sjølv om du har frikort.
Du kan i tillegg til eigendel bli kravd for betaling for bandasje- og forbruksmateriell knytt til enkelte prosedyrar.
For enkelte tenester er det innført full eller delvis eigenbetaling. Det gjeld ved sterilisering og kunstig befruktning. Dersom sterilisering av kvinner blir gjort etter medisinsk indikasjon, kan sjukehuset likevel ikkje krevje eigenbetaling.
Staten har fastsett kor mykje pasientar maksimalt skal betale i forhold til dei enkelte prosedyrane.
Publisert
06.08.2010 12:49 |
Endret
06.08.2010 12:53