Designelement
 

Kunnskapsbasert flerfamiliegruppe ved psykosesjukdom/schizofreni 

 
 

I behandlinga av personar med psykose er familien ein viktig samarbeidspartner.

Til beste for alle
Pårørande kjenner seg ofte åleine og tilsidesett når eit nært familiemedlem får ei alvorleg psykisk liding. Det som skjer omkring innlegging og behandling kan virke kaotiske. Både følelser og det reint praktiske i situasjonen opplevast som sterkt belastande. Følelse av skyld, skam og hjelpeløyse er det mange forbinder med møtet med psykiske lidingar og behandlingsapparat.

Nokre familiar opplever presset og stresset over tid som øydeleggande. Familiearbeid er et tilbod som skal motvirke dette, gjere pasient og pårørande rusta til å meistre problem og auke livskvaliteten ved å gjere det enklare å leve med ei psykisk liding.

Lære saman, lære av kvarandre
Metoden vi arbeider etter kallast gjerne kunnskapsbasert familiearbeid. Innhaldet er å undervise om lidinga - kva den er, korleis den påverkar pasienten og kva ein kan gjere for å forhindre eventuelle tilbakefall. På den måten forstår familien kva som skjer og blir en viktig støttespiller i behandlinga.

Ein lærer også korleis ein skal få utbytte av dei behandlingstilboda som er. Dette er viktig både når familien bur saman og når pasienten har eigen bustad.

Avdeling 
Kveldspoliklinikken Haugaland DPS, Floraveien 75, Haugesund.

Målgruppe 
Både nysjuke og personar som har vore sjuke nokre år

Arbeidsform/metode
Alliansesamtalar/flerfamiliegrupper
Undervising – kommunikasjon – problemløysingsmetode

Mål 
Å forhindre tilbakefall

Kontaktpersonar 
Anne Grethe Jacobsen tlf 52 73 21 00, anne.grethe.jacobsen@helse-fonna.no
Anna Rosenberg Waage tlf 52 73 21 00, anna.waage@helse-fonna.no

Oppstart 
Startar når ein har samla 5 familier/par.

Varigheit 
Kvar gruppe varer 2 år

Tidspunkt 
Kvar 14. dag,1 ½ time på ettermiddagstid.(Månedlege møter 2. året).

Antall deltakarar 
Opptil 5 familiar i kvar gruppe og 2 gruppeleiarar.

Inkluderingskriterier 

  • Psykosesjukdom

  • Må snakke og forstå norsk

  • IQ over 70 

  • Personen med psykosesjukdom må ha individualbehandlar

Tilvisingsfrist 
Kan tilvise fortløpande.

Krav til tilvisning 
Dette er eit lavterskeltilbod, så ta kontakt.

Tilvisingsadresse 
Ta kontakt per telefon eller e-post, så ringer vi tilbake.


Publisert 07.10.2011 10:43 | Endret 28.02.2012 10:27 

 Artiklar

Gir færre tilbakefall av psykose
Pasienter som har deltatt i flerfamiliegrupper opplever sjeldnere tilbakefall og reinnleggelser enn de som får individuell behandling.
Les artikkelen i Sykepleien

Vil ha med mor og far - ikke gi dem skylden
Les artikkel frå Aftenposten

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest