Helse Fonna Kvart år opplev mange familiar at ein av dei nærmaste blir alvorleg skada i ei ulykke eller blir ramma av hjernebløding eller blodpropp.
Dersom livet ikkje står til å redde kan det bli spørsmål om donasjon. Då vil legen spørje dei pårørande om dei kjenner haldningane til avdøde vedrørande donasjon, og be om lov til å bruke organ for å redde andre.
Informer dine næraste om ditt standpunkt
Det er dei pårørande som må svare på vegne av avdøde. Derfor er det viktig at du informerer dine nærmaste om standpunktet ditt mens du lever. Då slepp dei å ta avgjerda på dine vegne.
Ein donor kan redde fleire liv, og vi har alle sju organ å gi bort; hjarte, to lunger, to nyrer, lever og bukspyttkjertel.
Donorkort
Det er i prinsippet inga aldersgrense for donasjon. Om du vil seie ja til donasjon, kan du skaffe deg eit donorkort frå nettsidene til Stiftelsen Organdonasjon.
Her finn du og dei vanlegaste spørsmål og svar i samband med organdonasjon.
Publisert
06.08.2010 12:59 |
Endret
06.08.2010 13:01