Transport for deg som er pasient.
All informasjon du treng om pasienttransport i Helse Fonna finn du på nettsida www.pasientreiser.no.
Du kan òg kontakte Pasientreiser på telefon 0 55 15.
Helseekspressen - trygg og triveleg
Helse Fonna har eigen Helseekspress, som har vore i drift sidan november 2007. Ekspressbussen er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.
Tilbakemeldingane på tilbodet er positive og pasientane nyttar Helseekspressen. Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.
Når kan du nytte Helseekspressen?
Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.
Kven kan nytte Helseekspressen?
Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.
Må du ha rekvisisjon eller innkalling?
Ja, for å nytte Helseekspressen må du ha rekvisisjon frå lege eller behandlar, eller eventuelt eit innkallingsbrev.
Kva kostar det?
Alle må betale eigendelen som er fastsett av Stortinget. Prisen er kroner 130 kvar veg i 2010. Personar med frikort og barn under 16 år slepp å betale eigendel.
Kven møter du på Helseekspressen?
Det er tilsett tre personar på bussen.
- Ein sjåføren med opplæring i helsearbeid.
- Ambulansearbeidar med fagbrev, som òg har hovudansvar for liggande pasientar.
- Sjukepleiar eller hjelpepleiar med akuttmedisinsk kompetanse som hjelp dei andre pasientane.
Kvifor velje helseekspressen?
Samanlikna med alternative transportformer som til dømes drosje og ambulanse vil vi hevde at Helseekspressen er vel så trygg og triveleg.
Høg komfort
Bussen er innreia spesielt til formålet. Den har høg komfort med god plass til beina, og er utstyrt med eigen ambulanseavdeling med plass til tre liggande pasientar.
Anna utstyr du finn på Helseekspressen er heis for rullestol, handicaptoalett, radio, TV og DVD. Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen ujevnheiter i vegen blir ubehagelege for pasientane.
Trygg transport
Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan ambulansepersonellet ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden. Med andre ord langt tryggare enn i ei drosje.
På Helseekspressen har du tilbod om å kjøpe enkel mat og drikke til kostpris.
Rutetider
| Frå |
|
Frå |
|
| Haugesund sjukehus |
07.30 |
Haukeland sjukehus |
14.30 |
| Aksdal |
07.45 |
Halhjem |
15.30 |
| Haukås |
08.10 |
Sandvikvåg |
16.10 |
| Føynå |
08.20 |
Leirvik hurtigbåtterminal |
16.45 |
| Leirvik hurtigbåtterminal |
08.45 |
Stord sjukehus |
16.55 |
| Stord sjukehus |
09.00 |
Føynå |
17.10 |
| Sandvikvåg |
09.45 |
Haukås |
17.40 |
| Halhjem |
10.25 |
Aksdal |
18.05 |
| Haukeland |
11.05 |
Haugesund sjukehus |
18.20 |
Publisert
06.08.2010 13:09 |
Endret
02.01.2012 14:48