Det er vedteke at alle einingar i Helse Fonna HF skal vere røykfrie.
Dette inneber at tilsette får ikkje røyke i arbeidstida på sjukehuset (føretaket) sitt område, verken inne eller ute, sal av tobakk frå kiosk på sjukehusområdet er utelukka og pasientar får i hovudsak ikkje røyke på sjukehuset sitt område.
Tilpassa
"Røykfritt sjukehus for pasientar" blir innanfor visse rammer tilpassa etter individuelle behov og vurderingar, og dette kan vere ulikt ved ulike einingar i Helse Fonna.
For besøkande
Polikliniske pasientar, pårørande og andre besøkande i sjukehuset forventast å respektere at Helse Fonna er røykfritt område. Røyking skal ikkje skje rundt sjukehusbygningane.
For døgnpasienter
Døgnpasientar blir generelt oppmoda til å vere røykfrie under sitt opphald på sjukehuset. Dersom det gjeld pasientar der det av ulike grunnar blir urimeleg å pålegge røykfridom, kan desse få tilgang til tilrettelagde røykeplassar inne eller ute.
Slike plassar eller rom skal likevel ikkje framstå som allmenne opphaldsstader for pasientane.
Publisert
06.08.2010 13:33 |
Endret
06.08.2010 13:37