Designelement
 

Fastlege 

 
Alle som ønskjer det har rett til å velje fastlege i den kommunen der dei bur.
 

Det er mogleg å byte fastlege om ein annan lege har ledig plass på lista si. Barn under 16 år har krav på same fastlege som mor eller far.

Ektefeller har rett til å få den same fastlegen. NAV skal kontaktast når det gjeld tildeling eller byte av fastlege.

For å få plass på sjukehus eller poliklinikk, treng du ein søknad i form av ei tilvising frå fastlegen. Ein spesialist på sjukehuset skal så snart som mogleg og seinast innan 30 vyrkedagar, vurdere tilvisinga ut frå prioriteringsforskrifta.

Dersom spesialisten meiner du har rett til nødvendig helsehjelp, skal han sette ein frist for kor lenge du må vente. Får du ikkje behandling innan fristen, kan du kreve behandling ein annan stad eller i utlandet.

Dersom spesialisten seier at du har rett til helsehjelp, kan du bli sett på ei uprioritert venteliste.

Spesialisten kan og avslå søknaden ut frå prioriteingsforskrifta. Du har som pasient rett til å klage og sjukehuset skal gi deg skriftleg orientering om dette.

Etter endt behandling skal sjukehuset eller poliklinikken sende ein rapport til fastlegen med mindre du seier nei til dette.


Publisert 09.08.2010 10:45 | Endret 09.08.2010 10:51 

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest