Designelement
 

Fritt sjukehusval 

 
I Noreg er det rett til fritt sjukehusval. Dette betyr at du som pasient fritt kan velje kva sjukehus du vil ha behandling ved.
 

Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset som pasienten høyrer til. Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseforetak har avtale med.

Om du ønskjer å søkje behandling ved offentlege, somatiske sjukehus på sentral- og lokalnivå i andre regionar, kan du gjere dette utan å søkje om garanti. Ordninga gjeld òg for einskilde private sjukehus (dei som har avtale med regionalt helseføretak).

Når du nytter deg av retten til fritt sjukehusval, må du dekkje inntil 400 kroner i eigendel kvar veg for reisa. Dette beløpet får du ikkje påført på eigendelskortet. Resten blir dekka av Folketrygda. Søknaden kan sendast direkte frå din fastlege.

Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset som pasienten høyrer til. Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseforetak har avtale med.

I akutt hjelp situasjonar har pasienten ikkje rett til å velje sjukehus.


Publisert 09.08.2010 11:01 | Endret 25.08.2010 11:14 

 Ventetider i Helse-Fonna

Ventetidene blir fastsett individuelt, og med i vurderinga blir det tatt omsyn til kor alvorleg sjukdommen er og andre forhold som gjeld den enkelte pasient.

Ventetider i Helse-Fonna finn du her.

 Kontaktinformasjon

Fritt sykehusvalg Norge
Telefon: 800 41 004

Pasienthjelparen i Helse Vest
Telefon: 800 41 005
E-post: pasienthjelp@helse-vest.no

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest