Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylde, vil Helse Fonna oppfordre til at dette vert teke opp med den aktuelle avdelinga straks, slik at dei kan vurdere om dei må gjere noko annleis.
Dersom du ikkje er nøgd med avdelinga si behandling av klagen, kan du klage til Helsetilsynet i Hordaland. Klagen må vere skriftleg og må sendast innan tre veker etter sjukehuset si avgjerd i saka.
Dersom du ønskjer det, kan Helsetilsynet i ettertid også undersøkje om behandlinga har vore i samsvar med lova.
Pasient- og brukarombod
Pasient- og brukarombodet kan gi meir informasjon om pasientrettar og/eller hjelpe pasientar ved eventuell klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE). Hjelp frå Pasient- og brukarombodet er gratis.
Pasient- og brukaromboda har felles heimeside du finn her.
Publisert
10.09.2010 13:15 |
Endret
10.09.2010 13:17