Designelement
 

Pasientrettar 

 
Du har rett til medverknad når du blir pasient. Her er nokre sentrale pasientrettar.
 

Rett til å velje sjukehus
Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus.

Rett til vurdering og frist
Alle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 verkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha ”rett til nødvendig helsehjelp” skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast. Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.

Rett til behandling
Nokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig behandling. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa må vente noko lenger på behandling.

Rett til informasjon
Pasienten skal informerast om han er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane han har ved brot på fristen og om retten til å klage.

Rett til å klage
Pasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått.

Det er Helsetilsynet som er klageinstans dersom rettane i lova ikkje blir oppfylde. Pasient- og brukarombodet kan også hjelpe. Dersom du treng meir informasjon, ring gratis nummer til Fritt sjukehusval 800 41 004 eller sjekk nettstaden Fritt sjukehusval.


Publisert 09.08.2010 11:15 | Endret 09.03.2011 13:23 

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest