Pasientar som ikkje kan få behandling i Noreg grunna manglande behandlingstilbod, har på visse vilkår rett til behandling i utlandet.
Helse Vest RHF har ansvaret for at pasientar som høyrar heime i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane får behandling i utlandet når dei har krav på det. Ansvaret for å behandle slike søknadar, har Helse Vest RHF lagt til Helse Bergen HF.
Eining for utenlandsbehandling behandlar og avgjer søknadar om utenlandsbehandling. Dei dekker og utgiftane til innvilga behandling og reise- og opphaldsutgifter. Norsk Pasientskadeerstatning gjeld og for pasientar som er behandla i utlandet etter denne ordninga.
Vilkår for rett til behandling i utlandet
Pasienten må ha rett til naudsynt helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Dette er ei vurdering som blir gjort av spesialistar i spesialisthelseteenesta.
Det betyr at pasienten som hovudregel bør ha vore tilvist til og vurdert og/eller behandla i spesialisthelsetenesta. For å ha rett til naudsynt helsehjelp (prioritert helsehjelp), stilles det krav til sjukdommen sin grad av alvorligheit , forventa nytte av behandlinga og at kostnadane står i rimelig høve til behandlinga si nytteeffekt.
Det finns ikkje eit adekvat medisinsk behandlingstilbod for pasientens tilstand i Noreg. Pasienten har ikkje rett til behandling i utlandet om det finns eit anerkjent behandlingstilbod i Noreg, sjølv om det blir tilbydd behandling etter andre metoder i utlandet.
Manglande kapasitet og lang ventetid i spesialisthelseteenesta gir ikkje rett til behandling etter denne ordninga. Det er kun når behandling ikkje kan utførast forsvarleg i Noreg etter akseptert metode, at det føreligg manglande kompetanse i Noreg. Det gis som hovudregel ikkje dekning til såkalla eksperimentell eller utprøvande behandling.
Om saksbehandlinga
Det må sendast skriftleg søknad om behandling i utlandet, fortrinnsvis på fastsett søknadsskjema. I søknaden må ein legge ved medisinske opplysningar som dokumenterer sjukdom/behandlingsbehov.
Fritt sykehusval gjeld ikkje ved behandling i utlandet. Eining for utenlandsbehandling avgjer kor pasienten skal få behandling, herunder om den utanlandske behandlingsstaden kan gje eit adekvat og forsvarleg behandlingstilbod som er tilstrekkeleg vitenskapeleg dokumentert (etablert behandling).
Når søknaden er avgjort, sender Eining for utenlandsbehandling skriftleg svar på søknaden til pasient og eventuelt den lege som har søkt på pasienten sine vegne. Avslag på søknad kan påklagast til Klagenemnda for behandling i utlandet.
Om pasienten meiner å ha rett til å få dekka behandling i utlandet på grunn av kompetansemangel i Noreg, anbefaler ein å søkje om godkjenning før det takast i mot behandlingstilbod frå utlandet. I motsatt fall risikerer pasienten å måtte dekke alle kostnadar til behandling, reise og opphald sjølve.
Vi gjer i samband med dette særlig merksam på at heimtransport i slike tilfelle ikkje blir dekt av vanleg reiseforsikring fordi sjukdommen var kjent på førehand og formålet med reisa var å få behandling. Eventuell sjuketransport med ambulansefly er meget kostbart og kan i verste fall koste millionbeløp.
Publisert
09.08.2010 11:22 |
Endret
09.08.2010 11:24