Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fotomontasje med ulike personer. (Foto)

eBehandling

eBehandling tilbyr internettbehandling med rettleiing til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Kontakt oss

eBehandling held til ved Haugaland DPS.
Telefon: 52 73 90 00 
Adresse: Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund
 

Send oss ein e-post

Ikkje send personopplysingar eller sensitiv informasjon i e-post. Ikkje bruk e-post for å melde deg på, sjå lenke for søknadsskjema under.

Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema for tilbod i eBehandling

Kva er eBehandling?

eBehandling er rettleia internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar. Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. 
 
Med internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg. Les meir om behandlingsprogramma våre på desse sidene. Her finn du også første modul i kvart av behandlingsprogramma. 

 

Sist oppdatert 26.04.2024