Apekoppar og vaksine

Personar med auka risiko for smitte blir prioritert for vaksine. Sjå om du kan få vaksine her.

Informasjon om vaksine mot apekoppar​​

Per no er det berre prioriteringsgruppe 1, menn som har sex med menn (MSM)  eller transpersonar, som får tilbod om primær preventiv vaksinasjon (PPV).​

Tilbod om vaksine gjeld dersom du er MSM eller transperson og du oppfyller eit av krava under​ 

  • ​​står på preeksposisjonsprofylakse mot HIV (PrEP) ​
  • har HIV
  • sel seksuelle tenester​​​
Vaksinen blir ikkje gitt dersom du er allergisk mot nokre av innhaldsstoffa.
Dersom du har gjennomgått apekoppar stadfesta på PCR prøve, treng du ingen vaksine.

Kontaktinformasjon

*Tilbod om vaksine til deg som er pasient i Helse Fonna er i samband med Stavanger Universitetssjukehus. 

Vaksine til bruk mot apekoppar som primær preventiv vaksinasjon (PPV) blir tilbydd ved Poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjonar ved Hudavdelingen Helse Stavanger.​​​​

Få råd og rettleing, samt informasjon om korleis du bestiller time her: 

Apekoppar – Helse Stavanger​

Meir informasjon

Apekoppar kjem av eit virus (monkeypoxvirus), og gir sjukdom med feber og utslett.

Informasjon om apekoppevaksine - FHI

Les meir om apekoppar på helsenorge.no​

Apekoppar smittar ved nær kontakt og gir mellom anna feber, hovne lymfeknutar og kløande utslett med blemmer. Dei fleste blir friske utan behandling. ​




​​





Sist oppdatert 08.11.2022