Helsepedagogikk

Korleis skapar du gode gruppetilbod for pasientar og pårørande? Kurs for gruppeleiarar, kursvertar, fagpersonar og brukarrepresentantar.

20.
november
2025
  1. 20. nov. 2025, 09:15 - 15:30
Eg blir med

Tid og stad

Når
  1. 20. nov. 2025, 09:15 - 15:30
Arrangør
Kvar

2.etasje

Longhammarvegen 36

5536 Haugesund

Eg blir med

Frist for påmelding: 18. nov. 2025

Gå til påmelding

Om kurset

Kurset er ein del av det helsepedagogiske tilbodet i Lærings- og mestringssentrene i Helse Fonna.

Opplæring av pasientar og pårørande er ei viktig og lovpålagt oppgåve for helsepersonell. Forsking viser at gruppeopplæring opplevast som nyttig, og at ho kan hjelpe deltakarane til å meistre kvardagen med helseutfordringar.

Målet med dette kurset er å gjere deg tryggare i rolla som kursvert eller gruppeleiar, og å gi deg meir kunnskap om korleis du kan lære opp pasientar og pårørande i grupper.

  • Kvifor er opplæring av pasientar og pårørande viktig?
  • Kva er gruppebasert opplæring og lærings- og meistringskurs?
  • Korleis planlegge, gjennomføre og evaluere eit gruppetilbad i samarbeid med andre?
  • Korleis involvere deltakarane, arbeidsmetodar og digitale verktøy?
  • Brukarmedverknad i lærings- og meistringskurs.

Deltaking

Pris for deltaking er 250 kroner. Dette inkluderer lunsj.

Stadfesting for påmelding får du etter innsendt skjema. Ta gjerne eit skjermbilde om du treng det.

FoU-eininga for samhandling (Fousam) ettersender faktura.

Kontakt