Informasjon om AV-fistel

Ein AV-fistel er ei spesiallagd blodåre som brukes ved dialysebehandling. Det er sambandet mellom ein arterie og vene, og gjer det mogleg å gjennomføra dialysebehandling ved hjelp av to dialysenåler. Fistelen må «modna» i 6–12 veker før han er klar til bruk.

​Den første veka etter operasjon

Etter at du har operert inn ein AV-fistel kan du oppleva at du blir litt raud og hoven rundt operasjonssåra dei første dagane. Behald bandasjen på såret i minst tre dagar. Byt bandasjen viss han blir våt. Bruk ei pute under armen dei første dagane for å redusera hevelse. Unngå å halda fistelarmen bøygd og unngå å liggja på ein bøygd fistelarm.

Ta vare på fistelen

Hald fistelen rein

  • Vask henda og innstikkstadene kvar dag, og før kvar dialyse. Ha korte og reine negler.
  • Sjå, lytt og kjenn etter «svirr» i fistelen – bruk auge, øyre (stetoskop) og fingre.
  • La blodet strøyma fritt – unngå press/innsnevring.
  • Ikkje sov på fistelarmen.
  • Ikkje bruk stramme klede eller smykke på fistelarmen.
  • Ikkje la nokon ta blodtrykk frå fistelarmen.
  • Ikkje la nokon ta blodprøver frå fistelarmen.

Beskytt fistelen frå skadar

Ver forsiktig så du ikkje dunkar eller får rifter i fistelen.

Treningsprogram

Gjør øvingar for å utvikla/modne fistelen din etter operasjonen:

Klesklypeøving

Åpne ei klesklype med tommel og peikefinger. Gjer øvinga i fem minutt, fire til seks gonger om dagen.

Press saman ein mjuk ball

Hold ein mjuk ball med fistelarmen. La armen henga ned langs sida av kroppen. Press ballen ved å opna og lukka handa fleire gonger i ca. fem minutt.

«Fingergymnastikk»

Ta ein og ein finger og ram tommelfingeren. Opne handa di for kvar berøring. Gjenta øvinga i fem minutt.

Når ringjer eg til sjukehuset?

  • ​Ved bløding frå AV-fistelen.
  • Ved spørsmål om infeksjon (rødhet, hevelse, sårheit, smertar, varm kjensle eller puss).
  • Ved feber og infeksjonsteikn frå fistelen.
  • Dersom pulsen (svirren) i fistelen blir redusert eller du har problem med å kjenna/høyra den i det heile.
  • Dersom handa di kjennes kald, nomen eller svak.
Sist oppdatert 05.11.2024