Digital heimeoppfølging av nyfødde

Nyføddintensiv tilbyr digital heimeoppfølging (heimesjukehus) for tidleg fødde og sjuke nyfødde som kan reise heim tidleg. Dette er eit frivillig tilbod til foreldre om vidare oppfølging frå nyføddintensiv via heimebesøk, video- eller telefonkonsultasjon. Behandlingstilbodet er også kjent som NAST (Nyføddintensiv ambulerande sjukepleieteneste).

Dette er eit tilbod vi gir når barnet er stabilt nok til å vere heime, men også treng oppfølging frå sjukehuset. Det kan gjelde premature barn, barn med kroniske sjukdommar eller syndrom, barn med hjartefeil eller familiar som treng litt ekstra oppfølging i starten.

Ved hjelp av digital oppfølging frå sjukehuset kan de stille og roleg gjenoppta kvardagen saman med familien.

På desse sidene har vi samle nokre anbefalingar i overgangen frå nyføddintensiv til heimesjukehus, og fram til de blir utskriven frå NAST. Før heimreise vil alle få samtale med ein NAST-sjukepleiar. 

Kva gjer du viss barnet ditt har fått mjølk i halsen og stoppar å trekke pusten?

  • Sjekk at barnet har opne luftveger.
  • Legg barnet ditt på magen over underarmen eller låra dine, slik at hovudet til barnet vender nedover.
  • Stryk nedover ryggen og mellom skulderblada til barnet for å løsne slim eller mjølk. Du kan også «slå» lett med fingrane mellom skulderbladene.
  • Er det slim eller mjølk i munnen, kan du fjerne dette med klut eller kompress i munnen og svelget til barnet.

Hjelper ikkje dette og barnet fortset å hive etter pusten, ring 113 og start med hjerte-lunge-redning.

Sjå retningslinjer for hjerte- og lungeredning til barn

Når barnet blir utskriven frå Nyføddintensiv til NAST, har begge foreldre rett på pleiepengar.

Hensikta er at foreldre skal hjelpe kvarandre med omsorgen for barnet og familien, og at begge skal få bli godt kjent med barnet. Det vil i dei fleste tilfelle bety så lenge barnet er ein del av NAST-ordninga.

Les meir om pleiepenger for sykt barn - nav.no

Som besteforeldre kan ein oppleve at gleda over barnebarnet er blanda med bekymringar for helsa til barnet, eller korleis dottera eller sonen opplev det å ha eit for tidleg fødd eller sjukt barn.

Her er nokre råd om korleis du som besteforelder kan hjelpe både barn og barnebarn:

Tilby å hjelpe til med søsken

Å ha ei lillesøster eller ein lillebror i heimesjukehus kan vere ei utfordring for eldre søsken. Dei kan bli  bekymra og redde for babyen, samtidig som dei kan bli leie og sinte. Dei kan også prøve å skåne foreldre og besteforeldre ved å ikkje vise at dei har det vanskeleg. Du som besteforelder kan vere ein verdifull vaksen som ser og støttar.

Tilby hjelp til foreldra

Dei nybakte foreldra kan kjenne seg overvelda over alt dei må gjere. Dersom mor og far ønsker det, kan du hjelpe med huslige gjeremål som mathandel, klesvask, husvask eller passe kjæledyr.

Gå på besøk

Dersom foreldra til barnet ønsker det, kan du avlasta foreldra ved å tilbringe tid hud mot hud med babyen. På den måten kan foreldra få pausar saman og moglegheit til å gå ut ein tur.

Respekter beslutningar

Respekter foreldra sine avgjerder   sjølv om du ikkje er einig. Foreldre må ta mange val og dei vil kanskje be om råd. Sjølv om dei ikkje følgjer rådet ditt, er det viktig å hugse at dei handlar etter det dei meiner er rett og best for seg og barnet sitt.

Slik finn du fram

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund