Qigong-kurs for ungdom 13-18 år

Kursa blir halde i perioden 18.03.23-22.03.23. Det skjer på onsdagar, 15.15-16.00

Ungdom som treng å gi slipp på stress, roe kropp og hode, balansere følelsar, få betre “bakkekontakt”, komme meir på plass i eigen kropp, få meir energi og overskudd i det daglege.

Qigong er enkle kinesiske helsebevegingar, og kallast også for mindfulness i bevegelse. I Qigong er kroppen vegen inn til  ro, vitalitet og glede. Øvingane er enkle og er ein kombinasjon av fysisk beveging, pust og bruk av visualiseringar og metaforar.

Ungdom som er i kontakt med BUP kan  streve med eit breidt spekter av psykiske helseutfordringar. Felles for dei er ofte at utfordringane og erfaringane deira også har eit kroppsleg aspekt, som at “det sitter i kroppen”.

Qigong kan vere eit nyttig supplement og ein god moglegheit for ein “bottom up” tilnærming, og det å komme meir på plass i sin eigen kropp. Når ungdom er trygge i kroppen kan det vere lettare å stole på eigne følelsar, tankar og reaksjonar. 

Innanfor traumefeltet er det fleire kjente namn som fortel om betydningean av en kroppsleg tilnærming og fokus på stress-release og grounding. Og det å kunne roe nervesystemet. Sjå for eksempel Peter Levine, Bessel van der Kolk, Dag Ø Nordangerner, Bruce Perry og David Percelli.

Det krevst ikkje at ungdommen er verbalt aktive. Kursleiar snakkar og forklarar gjennom timen. Her er det ingen som skal vere flinke eller noko som er “riktig”. Alle røres seg og er med ut frå ståstedet “less is more”, altså å gjere det enkelt og ha fokus på deg sjølv. Dei andre held på med sitt. 

Vi s​​kal

  • Bruke Qigong-øvingar som erfaringsmessig kan gi resultat 
  • Oppvarming med øvingar som hjelp deltakarane å gi slipp på stress, spenningar og tankekjør. Vere her og no 
  • Fordjuping  med  øvingarr som hjelpa deltakarane å vende merksemdan innover og gi ytterlegare avspenning og djupare pust, med “flow-øvingar” 
  • Avslutting  med øvingar som balanserer og samlar

Kursha​​ldar

Spesialist i klinisk pedagogikk og sertifisert Qigong-instruktør Gunhild Odland. Ho har mange års erfaring som BUP-medarbeidar og kontakt med barn, unge og deira familiar.




Sist oppdatert 04.01.2023