Implementeringsguide

Vi har saman med Innomed utvikla ein implementeringsguide som kan brukast som støtte og hjelp i lokale samhandlingsprosjekt som ønskjer å ta i bruk metodikk frå Barn og unges helseteneste.

Guiden syner ulike fasar som anbefalast å gjennomføre for å implementere barn og unges helseteneste. 

​Innhaldet tek utgangspunkt i prosessane som Helse Fonna har gjennomført, supplert med erfaringar frå Helse Stavanger, Helse Bergen, Helse Førde og Helse Møre og Romsdal.

Guiden utgjer ei verktykasse og skal fungere som støtte og hjelp for prosjekt som ønskjer å ta i bruk Barn og unges helseteneste lokalt, men merk at stega må tilpassast lokale forhold.

Guiden er delt inn i fire fasar. For kvar fase er det definert steg som inneheld aktivitetar, tips og råd, og lenkjer til verktøy, rapportar og eksemplar frå andre prosjekt som har erfaring med barn og unges helseteneste. ​


​Last ned implementeringsguide




    Sist oppdatert 04.05.2023