Diagnose
Autismespekterforstyrring hos barn og ungdom
Autismespekteret omfattar fleire ulike diagnosar. Dei vanlegaste er barneautisme, asperger syndrom og atypisk autisme.Introduksjon
Kjenneteikn på autismespekterforstyrringar kan vere
- Utfordringar med sosiale ferdigheiter og forståing
- Avgrensa evne til og interesse for sosial omgang
- Annleis blikkontakt
- Avvikande og annleis reaksjonsmønster
- Utfordringar med kommunikasjon og språk
- Annleis oppleving av sanseinntrykk
- Auka sårbarheit for stress
Det er store individuelle forskjellar hos barn og ungdom med vanskar i autismespekteret. Førekomst og alvorsgrad av dei ulike symptoma varierer frå person til person og er avhengig av alder og utviklingsnivå. Mange med vanskar i autismespekteret har også tilleggsvanskar som angst, depresjon, ADHD, søvnvanskar og spisevanskar.
Nyttig informasjon om autismespektervanskar
Informasjon om autisme fra helsenorge.noNettsidene til Autismeforeningen
Ung og bekymra?
Dersom du er barn eller ungdom og bekymra for om du kan ha
vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, kontaktlærar
eller sosiallærar på skulen. Dei kan hjelpe deg å komme i kontakt med PPT dersom dei meiner det er grunnlag
for kartlegging og vurdering av symptom. Viss du er over 16 år, kan du sjølv ta
direkte kontakt med PPT eller fastlege.
Råd til foreldre
Dersom du er forelder og er bekymra for om ditt barn/ungdom har vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, pedagog i barnehagen, kontaktlærar/sosiallærar på skulen eller psykolog i kommunen. Du kan også ta direkte kontakt med PPT eller fastlege for å drøfte di bekymring. Det er vanleg at PPT tar ein del testar før tilvising til BUP, men det er ingen føresetnad for tilvising.
Dersom PPT, psykolog i kommunen eller fastlege vurderer at det er grunnlag for vidare utgreiing, vil barnet/ungdommen blir tilvist til BUP som har ansvar for vurdering av diagnose. Før tilvisinga må fastlegen gjere ei helseundersøking av barnet/ungdommen.
Tilvising og vurdering
Samhandlingsforløp for autismespekterforstyrrelse i Helse Fonna
Utgreiing
Det er ingen test eller prøve som kan avgjere om ein har vanskar i autismespekteret eller ikkje. Utgreiinga er omfattande, med blant anna samtalar med barnet/ungdommen, samtalar med føresette, systematiske observasjonar, utfylling av spørreskjema, observasjon i barnehage/skule, legeundersøking og ulike testar. Når utgreiinga er gjennomført oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for diagnose. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding frå utgreiinga og vi drøftar kva som kan vere hjelpsomme tiltak.
Viss det er tvil om diagnose eller barnet/ungdommen har andre vanskar som ikkje kan forklarast som ein del av autismespekterdiagnosen, kan det vere aktuelt med innlegging ved sengepost ved BUP for å utgreie vanskane nærare. BUP har sengepost for barn 6-12 år og ungdom 13-18 år.
Behandling
Etter at BUP har sett ein diagnose i autismespekteret, kan aktuelle tilbod i BUP vere:
- Diagnoseformidling til barnet/ungdommen og føresette. Fokus på kva diagnosen inneber, vanlege utfordringar når ein har diagnosen, rettar og kva som er aktuelle tilbod.
Todagars foreldrekurs om autisme som er eit samarbeid mellom BUP, habilitering for barn og unge (HABU), Autismeforeningen i Rogaland og læring- og meistringsenteret i Helse Fonna (LMS).
- Samtaletilbod kan vere aktuelt dersom barnet/ungdommen har andre psykiske vanskar i tillegg, som for eksempel angst, depresjon, ADHD eller spisevanskar.
Før saka blir avslutta i BUP, inviterer vi barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar til eit oppsummerings- og overføringsmøte. Her blir vi einige om vidare tiltak og oppfølging.
Som regel vil oppfølging skje i barnets/ungdommens heimkommune. I enkelte tilfelle vil det i tillegg vere behov for behandling/tilbod i habiliteringstenesta. Då blir habilitering med i overføringsmøtet før avslutning i BUP.
Oppfølging
Barn og unge med diagnose i autismespekteret har behov for langsiktige og koordinerte tenester. Dette kan bli ivaretatt gjennom å opprette ein Individuell Plan (IP) som beskriver tiltak og tilrettelegging. Kommunen kan også peike ut ein person som kan vere familiens kontaktperson/koordinator.
Aktuelle tilbod i kommunen kan vere:
- Barnehage/skule legger til rette og gir individuelt tilpassa hjelp/opplæring
- PPT vurderer behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervising i skule
- Helse og omsorgstenester ved bestillarkontor/vedtakskontor kan vurdere behov for avlastningstilbod, støttekontakt, fritidskontakt og omsorgslønn
- Ergo- og fysioterapitenesta kan tilby trening og tilrettelegging av fysisk miljø, daglege aktivitetar og gjeremål med fokus på sjølvstende og meistring
- Nav kan vurdere behov for hjelpestønad og grunnstønad
Ta kontakt med koordinerande eining i din kommune for å få meir informasjon om kommunens tilbod