Diagnose
Komplekse traumer hos barn og unge
Vi kallar det kompleks traumatisering når barn og unge er blitt utsette for vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt i nære relasjonar. Andre ord som blir brukt er utviklingstraume eller relasjonstraume. Komplekse traume skil seg frå akutte eller enkeltståande traume som overfall, blind vald, ulukker eller naturkatastrofer. Det viktigaste skillet er at komplekse traumer blir påført av vaksne personar som skulle tatt vare på barnet/ungdommen og i omgivelser der barnet/ungdommen skal kjenne seg trygg.Introduksjon
Vald, overgrep og omsorgssvikt kan skje i det skjulte og over lang tid utan at det blir oppdaga. Sped- og småbarn er særlege utsette. Når barn og ungdom opplever traume i nære relasjonar påverkar det utvikling og fungering på alle livsområde. Teikn på traumatisering kan vere at ein trekk seg vekk frå sosiale samanhengar og aktiviteter, opplever håpløyse og kjensle av depresjon, strevar med å regulere kjensler, har vanskar med konsentrasjon og merksemd, spenning og smerter i kroppen, problem med familie og venner, dårleg sjølvbilde, spisevanskar og sjølvskading.
Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikt
Viss du er barn/ungdom og opplever vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, kan du ta kontakt med ein voksen du stolar på for å få hjelp. Det kan for eksempel vere ein lærar, helsesøster eller andre du kjenner. Du kan også ta kontakt med politiet, helsestasjon for ungdom og/eller barnevernstenesta i kommunen der du bur.
Informasjon om kor barn og unge kan søke hjelp
Barneombodet om vald og overgrep
Tilvising og vurdering
Viss du er vaksen og har grunn til å tru at eit barn eller ungdom blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt bør du ta direkte kontakt med barnevernstenesta i din kommune eller familievaldskoordinator i politiet. Dei vil hjelpe deg å vurdere bekymringa og korleis den kan handterast vidare.
Barn og unge som har opplevd alvorlege traume vil ofte ha behov for hjelp frå fleire instansar over tid . Tilvising til BUP bør vurderast ved tydelege teikn på kompleks traumatisering. Det er fastlege, barnevernstenesta eller psykolog i kommunen som kan tilvise til BUP. Viss det er behov for akutt hjelp frå psykisk helsevern, er det fastlege eller kommunal legevakt som gjer ei vurdering og eventuelt kontaktar vaktsystemet i BUP.
Samhandlingsforløp ved komplekse traumer hos barn og unge i Helse Fonna
Utgreiing
Utgreiing av traumereaksjonar skjer ved poliklinikken i BUP. Ved første samtale lagar vi ein plan for utgreiinga saman med barnet/ungdommen og føresette. Viss barnet/ungdommen bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, kan barnevernstenesta også inviterast til den første samtalen. Utgreiinga kan innehalde samtalar med barnet/ungdommen, samtalar med føresete, utfylling av spørreskjema, observasjon i barnehage/skule, legeundersøking og ulike observasjonar/testar.
Etter at utgreiing er gjennomført, oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for diagnose og behov for behandling i BUP.
Behandling
Fokus i traumebehandling er å få hjelp til å akseptere at dei vonde erfaringane har skjedd og lære seg å meistre vanskelege tankar og kjensler som følger med. Ein trygg relasjon til ein behandlar som kan følge barnet/ungdommen over tid er ein føresetnad for god behandling.
Behandling av traumer kan ta tid og kan innebere:
- Opplæring til barnet/ungdommen og viktige støttepersonar om kva som er vanlege reaksjoner på komplekse traume og korleis det påverkar fungering i det daglege
- Stabilisering av symptom handlar om å sikre at barnet/ungdommen har det trygt både heime og i barnehage/skule, slik at dei kan fungere best mogleg
- Bearbeiding av traumeerfaringar handlar om å jobbe med dei vonde minna slik at desse ikkje er plagsamme i kvardagen og at det er mogleg å tenke på dei utan å bli overvelda av vanskelege kjensler
- Rettleiing av omsorgspersonar og andre støttepersonar rundt barnet/ungdommen.
Oppfølging
Ved avslutning i BUP oppsummerer vi kontakten saman med barnet/ungdommen og støttepersonar. BUP sender skriftleg tilbakemelding (epikrise) til fastlegen og den som har sendt tilvisinga til BUP. Her står om det er behov for oppfølging i kommunen, kva eit slikt tilbod bør innehalde og kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.